Maia
- Sjå òg Maia (fleirtyding)
Maia, Maja og Maya er kvinnenamn som kan ha fleire ulike opphav. Maia har namnedag den 7. mai.
Tydingar
[endre | endre wikiteksten]Maia og Maja er ei tysk og nordisk kortform av Maria, eit mykje brukt namn på grunn av dyrkinga av Jomfru Maria.
Maya kan vera ei spansk kortform av Amalia eller av baskisk Amaia/Amaya.
Det greske namnet Maia (Μαια) var brukt om ei av Pleiadane. Romarane brukte dette namnet om gudinna Bona Dea, og det skal dermed ha gjeve opphav til namnet på månaden mai.
Det hebraiske namnet Maya (מַיָּה) er ei kortform av ma'ayan, som betyr 'bekk'.
Sanskrit-namnet Maya (māyā) er eit omgrep innan buddhismen og hinduismen som viser til verda som ein illusjon. Mor til Buddha heitte dette.
Namna har fleire ulike skrivemåtar, som finsk Maija, (tidlegare) islandsk Mæja, og amerikansk engelsk Mia, Miya, Miyah, Mya og Myah. Mai er ein nordisk variant.
Bruk
[endre | endre wikiteksten]I Noreg var det 3033 kvinner som heitte Maja, 644 som heitte Maya og 528 som heitte Maia i 2009.
Namneberarar
[endre | endre wikiteksten]- Marie Thea «Maja» Refsum (1897-1986), norsk bilethoggar
- Marie «Maja» Flagstad Johnsrud (1872-1958), norsk musikar og musikkpedagog
- Maja Mikhajlovna Plisetskaja (f. 1925), russisk dansar (prima ballerina).
- Maya Angelou (f. 1928), amerikansk forfattar og borgarrettsforkjempar
- Maja Tsjiburdanidze (f. 1961), georgisk verdsmeister i sjakk
- Maya Pedersen-Bieri (f. 1972), sveitsisk idrettsutøvar
- Maja Ratkje (f. 1973), norsk samtidskomponist og musikar
- M.I.A., Mathangi «Maya» Arulpragasam (f. 1977), tamilsk britisk songar
- Maïa Mazaurette (f. 1978), fransk forfattar
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Maia» frå Wikipedia på bokmål, den 6. mai 2009.
- Søk etter norsk namnestatistikk for Maia hjå Statistisk Sentralbyrå
- «Mai» i Store norske leksikon, snl.no.