Hopp til innhald

Magellanskarv

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Magellanskarv
Magellanskarv nær Ushuaia, Argentina Foto: Arthur Chapman.
Magellanskarv nær Ushuaia, Argentina
Foto: Arthur Chapman.
Utbreiing
Utbreiinga av magellanskarv
Utbreiinga av magellanskarv
Systematikk
Rike: Dyr Animalia
Rekkje: Ryggstrengdyr Chordata
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Fuglar Aves
Orden: Sulefuglar Suliformes
Familie: Skarvefamilien Phalacrocoracidae
Slekt: Leucocarbo
Art: Magellanskarv P. magellanicus
Vitskapleg namn
Phalacrocorax magellanicus

Magellanskarv[1] (Phalacrocorax magellanicus) er ein fugl i skarvefamilien. Fuglen lever langs kysten i det sørlege Sør-Amerika, sørover frå Valdivia i Chile ned til Eldlandet og Kapp Horn samt Falklandsøyane. Om vinteren kan han flyga lenger nord; han har vorte sett i Santiago og på kysten av Uruguay.

Frå avstand ser fuglen svart ut på ryggen og kvit på magen. Ser ein nærmare, oppdagar ein at den svarte fargen varierer frå oljegrønt til blåaktig og har kvite flekker. Føtene er rosaaktige, og huda rundt augo og nebben er raud. Magellanskarven dykkar etter mat i havet som all anna skarv; vanlegvis et han småfisk. Han hekkar i koloniar som kan variera i storleik frå 5 par til rundt 400.

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]