Madaba
Madaba | |||
مدينة مادبا | |||
by | |||
|
|||
Land | Jordan | ||
---|---|---|---|
guvernement | Madaba guvernement | ||
Høgd | 763 moh. | ||
Koordinatar | 31°43′N 35°48′E / 31.717°N 35.800°E | ||
Areal | 39,440 km² [1] | ||
• storbyområde | 100 km² | ||
Folketal | 84 600 (2011) | ||
Folketettleik | 2 145 / km² | ||
kommune sidan | 1921 | ||
Borgarmeister | Arif Rawajeeh | ||
Retningsnummer | (962)5 | ||
Madaba 31°43′00″N 35°48′00″E / 31.716666666667°N 35.8°E | |||
Kart som viser Madaba.
| |||
Wikimedia Commons: Madaba | |||
Nettstad: http://www.madabacity.gov.jo |
Madaba (arabisk مادبا) er ein by sentralt i Jordan og det administrative senteret i Madaba guvernement, med eit folketal på kring 85 000. Han er mest kjend for mosaikken frå bysantinarane og omajadane, særleg eit stort mosaikk-kart frå bysantinsk tid av Det heilage landet. Madaba ligg 30 km sørvest for hovudstaden Amman.
Historie
[endre | endre wikiteksten]Madaba har ei lang historie som strekkjer seg frå yngre steinalder. Madaba var ein gong ein grenseby i kongedømet Moab og var nemnt i Bibelen i Fjerde mosebok 21:30 og Josva 13:9. Sjølve Madaba er datert til midten av bronsealderen.
Under styret til dei romerske og bysantinske rika frå 100- til 600-talet, var byen ein del av Provincia Arabia som vart oppretta av den romerske keisaren Trajan for å erstatte det nabateiske kongedømet Petra. Under styret til det islamske Omajadekalifatet var han ein del av det sørlege Jund Filastin.
Det første spora av eit kristent samfunn i byen, med sin eigen biskop, finn ein frå Khalkedon-rådet i 451, der Konstantin, metropolitten av Bostra (provinshovudstaden) signerte på vegner av Gaiano, «biskopen av Medabeni.»
Byen vart busett på ny i mellom ruinane av oldtidsbyen av 90 arabiske kristne familiar frå Kerak i sør, leia av to italienske prestar frå det latinske patriarkatet i Jerusalem i 1880. Det var starten på den arkeologiske undersøkinga av området.
Madabakartet vart oppdaga i 1896 og trekte til seg merksemda frå forskarar verda over. Mosaikken syner eit kart over regionen, datert til 500-talet, og er bevart i golvet på den gresk-ortodokse basiliaken St. Georg. Med to millionar bitar av farga stein, syner kartet åsar og dalar, landsbyar og byar i Palestina og Nildeltaet.
Venskapsbyar
[endre | endre wikiteksten]Madaba er venskapsby med:
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Madaba» frå Wikipedia på engelsk, den 7. oktober 2015.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ Madaba Greater kommune, arkivert frå originalen 5. juni 2009, henta 7. oktober 2015
- ↑ «::Betlehem kommune::». www.bethlehem-city.org. Arkivert frå originalen 24. juli 2010. Henta 26. august 2015.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- visitmadaba.org Arkivert 2008-03-19 ved Wayback Machine.