Ma'anshan
Utsjånad
Ma'anshan | |||
prefektur | |||
Land | Folkerepublikken Kina | ||
---|---|---|---|
Areal | 4 049,13 km² | ||
Folketal | 2 202 899 (2010) | ||
Ma'anshan 31°42′49″N 118°21′38″E / 31.713531°N 118.360472°E | |||
Ma'anshan (gul) i Anhui
| |||
Wikimedia Commons: Ma'anshan |
Ma'anshan (kinesisk skrift 马鞍山; pinyin Mǎ'ānshān) er eit byprefektur aust i provinsen Anhui i Kina, på grensa mot Nanjing i provinsen Jiangsu. Prefekturet har eit areal på 4 042 km² og 2,28 millionar innbyggjarar. Etter august 2011 omfattar byprefekturet Ma'anshan tre distrikt og tre fylke.
Næring
[endre | endre wikiteksten]Stålindustri er hovudnæring, konsernet Magang («Mastål») har over 100 000 tilsette. Byen Ma'anshan ligg på begge sider av Chang Jiang og har ein heil del skipsindustri.
Samferdsle
[endre | endre wikiteksten]Riksveg 205 i Kina passerer gjennom området. Han tek til i Shanhaiguan i Hebei og endar opp sør i Shenzhen i provinsen Guangdong. Vegen går gjennom byar som Tangshan, Tianjin, Zibo, Huai'an, Nanjing, Wuhu, Sanming, Heyuan og Huizhou.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Ma'anshan» frå Wikipedia på bokmål, den 6. april 2012.
- Denne artikkelen bygger på «Ma'anshan» frå Wikipedia på engelsk, den 6. april 2012.