Månestein
Utsjånad
Månestein | |||
| |||
Generelt | |||
---|---|---|---|
Kategori | Feltspat-varietet | ||
Identifikasjon | |||
Farge | Kan ha forskjellieg fargar, som blå, grå, kvit, rosa, grøn og brun | ||
Brot | Ujamn til muslig | ||
Mohs hardleiksskala | 6.0 | ||
Glans | Opaliserande | ||
Strekfarge | kvit | ||
Spesifikk vekt | 2.61 |
Månestein er ein varietet av alkalifeltspat (adular eller ortoklas), svakt gjennomskineleg med eit vent mjølkeaktig til blåleg skimmer (iridescens eller irisering), som særleg kjem fram på cabochonslipt overflate. Effekten kjem av submikroskopiske (kryptoperthittiske) lamellert i feltspaten (perthitt). Månesteinen vert nytta som smykkestein, og er særleg kjent frå Sri Lanka.
Namnet brukast òg ukorrekt om andre feltspat med liknande eigenskapar, til dømes albitt og peristeritt, om anortoklas med kraftig fargespel frå Ula og Stavern, eller til og med om andre mineral.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Månesten. (14. februar 2009). I Store norske leksikon. Henta 14. februar 2014 frå http://snl.no/månestan.