Hopp til innhald

Lviv oblast

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Lviv oblast
Львівська область
oblast
Flagg
Symbol
Kallenamn: Львівщина (Lvivsjtsjyna)
Land  Ukraina
Rajon 20
Byrajon 9
Byar 78
Landsbyar 1849
Hovudstad Lviv
Areal 21 833 km²
Folketal 2 478 133 (1. januar 2022)[1]
ISO 3166-2 kode UA-46
Retningsnummer 380-32
Kart
Lviv oblast
49°43′03″N 23°57′01″E / 49.7175°N 23.950277777778°E / 49.7175; 23.950277777778
Wikimedia Commons: Lviv Oblast

Lviv oblast (ukrainsk Львівська область Lvivska oblast ) er ein provins (oblast) i det vestlege Ukraina. Administrasjonssenteret og største by er Lviv. I 2022 hadde provinsen 2 478 133 innbyggjarar, og eit areal på 21 833 km².

Området ligg i den historiske regionen Galizia, og har mellom anna høyrt til Polen-Litauen fram til 1775 og Austerrike-Ungarn frå 1775 til 1918. Etter første verdskrigen vart området igjen polsk, før det vart ein del av Ukraina og Sovjetunionen i 1939 som følgje av den sovjetiske erobringa av Aust-Polen.

Dei viktigaste næringsvegane i Lviv oblast er landbruk og skogbruk. Området har òg noko industri.

90% av innbyggjarar er etniske ukrainarar. Av minoritetsgrupper er russarar den viktigaste, men det er òg enkelte jødiske, polske og tyske samfunn i regionen. Det finst òg romfolk i Lviv oblast.

Viktige byar i Lviv oblast

[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Commons har multimedium som gjeld: Lviv oblast