Louis Couperin
Louis Couperin | |||
Fødd | 1626 | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Chaumes-en-Brie | ||
Død | 29. august 1661 (34 år) | ||
Dødsstad | Paris | ||
Opphav | Frankrike | ||
Periode | Barokken | ||
Sjanger | Klavermusikk | ||
Instrument | orgel | ||
Verka som | komponist, organist, gambist, cembalist | ||
Far | Charles Couperin I |
Louis Couperin (fødd 1626 i Chaumes-en-Brie, daud 29. august 1661 i Paris) var ein fransk komponist, organist og fiolinist, og onkelen til François Couperin «le Grand».
Louis Couperin ein av dei mest kjente medlemmane av familien Couperin og ein av dei beste komponistane for klaviaturinstrument på 1600-talet. Lite er kjent om dei første 23 leveåra, men i 1650 tok den kjende cembalisten, fiolinisten og komponisten Jacques Champion de Chambonnières han under vengjene sine. Tre år seinare tiltredde Louis som den første i familien sin organistembetet i St-Gervais-kyrkja, dette hadde han til han døydde. I tillegg var han organist, cembalist og fiolinist i kammermusikkensemblet til Ludvig XIV av Frankrike.
Dei mest merkverdige av hans cembalokomposisjonar er chaconnene og Préludes non mesurés («Preludium utan taktstrekar») som røper påverknad frå Johann Jakob Froberger.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]