Loisach
Utsjånad
Loisach | |||
elv | |||
Loisach nær Kochelsee
| |||
Land | Tyskland, Austerrike | ||
---|---|---|---|
Lengd | 114 km | ||
Kjelde | Dei nordlege kalksteinsalpane | ||
Munning | Isar | ||
Loisach 47°22′17″N 10°52′20″E / 47.3715°N 10.8723°E | |||
Wikimedia Commons: Loisach |
Loisach er ei elv som renn gjennom Tyrol i Austerrike og Bayern i Tyskland. Ho er 114 km lang og ei av sideelvene til Isar frå venstre. Ho har sitt utspring nær Ehrwald i Austerrike, og strøymer forbi Garmisch-Partenkirchen og ut i Kochelsee. Ved Kochelsee renn restane av vatnet som vert brukt til straumproduksjon ved Walcheseekraftwerk ut i Loisach. Elva renn så ut av Kochelsee og ut i Isar ved Wolfratshausen. Ein kanal går mellom Isar og Loisach for å leie vatnet inn i eit vasskraftverk, som mellom anna reduserer risikoen for flaum i Wolfratshausen.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Loisach» frå Wikipedia på engelsk, den 7. februar 2007.