Hopp til innhald

Loen

Koordinatar: 61°52′14.009″N 6°51′25.866″E / 61.87055806°N 6.85718500°E / 61.87055806; 6.85718500
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

61°52′14.009″N 6°51′25.866″E / 61.87055806°N 6.85718500°E / 61.87055806; 6.85718500

Loen
stad
Loen ved Lobukta
Foto: Carlos Delgado
Land  Noreg
Fylke Vestland
Kommune Stryn
Kart
Loen
61°52′15″N 6°51′03″E / 61.8708°N 6.8507°E / 61.8708; 6.8507
Wikimedia Commons: Loen, Stryn

Loen er ei bygd ved Lobukta inst i Nordfjord, i Stryn kommune i Vestland fylke. Den største arbeidsplassen i bygda er familien Grov sine to hotell Alexandra og Loenfjord. Kjøttforedlingsverksemda Nordfjord Kjøtt ligg også i Loen og verksemda har kring 400 tilsette. [1]

Saman med jordbruk, er reiseliv og turisme viktige næringar i Loen og Lodalen, og her finst ei rekkje overnattings- og serveringsverksemder i turistsesongen.[2]

Loen og Lodalen er kjend for høge fjell og naturopplevingar. Mellom anna er fjella Skåla og Hoven med gondolbana Loen skylift, mykje besøkt. Nunataken Lodalskåpa er høgste fjellet på Jostedalsbreen. [2]

Inste delen av Lodalen og Lovatnet mot Kjenndal, er historisk sett prega av dei dramatiske Lodalsulukkene, som ramma bygdene Bødal og Nesdal i 1905 og 1936. Såret etter rasa er framleis godt synleg i Ramnefjellet. Den delen av Lovatnet som ligg under fjellet vart fylt opp av steinmassene som skapte flodbølgjene. Eit minnesmerke som står ved Lodalsvegen og ein minnesti på Nesodden, fortel meir om historia til dalen.[3]

Kjende personar frå Loen

[endre | endre wikiteksten]

Biletgalleri

[endre | endre wikiteksten]
  1. «Om oss», Nordfjord Kjøtt AS (på norsk), 6. februar 2019, henta 3. oktober 2024 
  2. 2,0 2,1 «Loen/ Lodalen - Stryn kommune», stryn.kommune.no, henta 3. oktober 2024 
  3. «Minnesmerke om Lodalsulukkene 1905 og 1936», leksikon.fylkesarkivet.no (på norsk), henta 3. oktober 2024 

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Commons har multimedium som gjeld: Loen
Spire Denne geografiartikkelen som har med Vestland å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.