Hopp til innhald

Ljudmila Postnova

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ljudmila Postnova


Postnova (nr. 5)

Statsborgarskap Russland
Fødd 11. august 1984 (40 år)
Jaroslavl
Idrett handball
Tok del i Sommar-OL 2012, Sommar-OL 2008
Utmerkingar Fedrelandets fortjenstordens medalje av 2. klasse

Ljudmila Grigorjevna Postnova (fødd 11. august 1984) er ein russisk tidlegare handballspelar frå Jaroslavl. Ho vart verdsmeister for Russland i 2005, 2007 og 2009. Postnova kunne vere både venstre rykkromspelar og spelstyrar.

Landslagsspel

[endre | endre wikiteksten]

Postnova var landslagsspelar frå 2003. Frå 2005 til 2009 sanka ho årleg ein medalje med det russiske landslaget i dei store internasjonale meisterskapane. Etter VM-gull i 2005 kom EM-sølv i 2006, nytt VM-gull i 2007, OL-sølv i 2008 og så det tredje VM-gullet i 2009. I VM-finalen 2005 mot Romania vart ho toppskårar med sine sju mål. Postnova deltok i 206 landskampar og skåra 712 mål.

Postnova var frå 2002 aktiv i den russiske toppklubben Lada Toljatti. Her vart ho nasjonal seriemester i 2003, 2004, 2005 og 2006. I 2007 nådde Lada finalen i EHF-meisterligaen, der det vart tap for danske Slagelse. Frå januar 2010 til 2014 spelte Postnova på Zvezda Zvenigorod sitt lag. Etter eit opphald avslutta ho 2016-18 med spel for Astrakhanotsjka.

  • VM-gull: 2005, 2007 og 2009 for Russland
  • OL-sølv: 2008 for Russland
  • EM-sølv: 2006 for Russland
  • Finaletap i EHF-meisterligaen: 2007 med Lada Toljatti
  • Russisk seriemeister: 2003, 2004, 2005, 2006, 2008 med Lada Toljatti
  • Russisk cupmeister: 2006 med Lada Toljatti