Little Wing
Little Wing Song av The Jimi Hendrix Experience frå albumet Axis: Bold as Love | ||
Språk | engelsk | |
Utgjeve | 1. desember 1967 (UK) 15. januar 1968 (US) | |
Sjanger | Psykedelisk rock, bluesrock | |
Lengd | 2:24 | |
Selskap | MCA (reissues) | |
Komponist | Jimi Hendrix | |
Tekstforfattar | Jimi Hendrix | |
Låtskrivar(ar) | Jimi Hendrix | |
---|---|---|
Produsent | Chas Chandler |
«Little Wing» er ein song skriven av Jimi Hendrix. Han vart først spelt inn av The Jimi Hendrix Experience på albumet Axis: Bold as Love i 1967. Han er rangert på 366. plass på lista til Rolling Stone over dei 500 største songane gjennom tidene.
Inspirasjon
[endre | endre wikiteksten]Hendrix snakka med ein svensk journalist om songen i januar 1968 og sa, «Vel, det var ein song der som me gjorde mykje lyd på. Me køyrde gitaren gjennom Leslie-høgtalaren på eit orgel, og det høyrest ut som jelly bread. Det er basert på ein veldig, veldig enkel indiansk stil, veldig enkel. Eg fekk ideen då eg var i Monterey, og eg berre såg på alt kring meg. Så eg fann ut at eg skulle ta alt rundt meg og kanskje uttrykke det som ei jente kanskje, noko slik som det, og kalle han 'Little Wing', med andre ord, berre fly avstad. Alt flyr verkeleg og dei er verkeleg i godt humør, som politiet og alle var verkeleg bra der ute. Så eg berre tok alt dette og putta dei inn i ei særs lita fyrstikkeske, inn i ei jente og så gjorde det. Det var veldig enkelt. Det er ein av få eg verkeleg likar.»[1][2]
Stil
[endre | endre wikiteksten]Forfattar Harry Shapiro har utforska songen og sagt at musikalsk er han «strukturert til å legge eit florlett tøtsj over heile songen frå den fengslande opninga og det stemningsskapande klokkespelet til bruken av Leslie-høgtalarane for gitaren. Lydskjermen roterer, og skapar ein Doppler-effekt i lyden. Jimi spelar songen nesten som ein pianist med tommelen på bassnotane som venstrehanda til ein pianist, medan fingrane på gitarbanda samsvarar med den høgre. Songen tonar ut i ein magisk solo etter berre litt over to minuttar.»[2]
Andre versjonar
[endre | endre wikiteksten]«Little Wing» er spelt inn av mange andre artistar:
- G3: Live in Denver, eit turneband med Joe Satriani og Steve Vai.
- Derek and the Dominos på albumet Layla and Other Assorted Love Songs i 1970.
- Gil Evans på Plays The Music Of Jimi Hendrix i 1975.
- Sting på ...Nothing Like the Sun i 1987.
- Stevie Ray Vaughan, på The Sky Is Crying i 1991.
- Skid Row på B-Side Ourselves (1992).
- Pappo på Blues Local (på spansk) (1992).
- Concrete Blonde på Still in Hollywood i 1994.
- The Corrs på Talk on Corners (1997).
- Snowy White på Little Wing (kalla Melting i USA) (1998).
- Nigel Kennedy, den engelske fiolinist, på The Kennedy Experience (1999).[3]
- Ottmar Liebert Luna Negra XL på Little Wing (2001).
- Popa Chubby på Electric Chubbyland: Popa Chubby Plays Jimi Hendrix (2006).
- Def Leppard på spesialutgåva av Adrenalize (2009).
- Santana (leia av Carlos Santana) med Joe Cocker på Guitar Heaven: The Greatest Guitar Classics of All Time (2010).
- Josh Charles på Trippin' The Keys: Music Of Jimi Hendrix i 2010.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Little Wing» frå Wikipedia på engelsk, den 13. mars 2011.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ Jimi Hendrix, Tony Brown (1994). Jimi Hendrix "talking". Omnibus Press.
- ↑ 2,0 2,1 Harry Shapiro, Caesar Glebbeek (1990). Jimi Hendrix, elektrisk gypsy. New York, NY: St. Marin’s Press.
- ↑ http://www.amazon.com/gp/product/B00000K4IY/ref=cm_rdp_product_img
367: «Nowhere to Run» Martha & the Vandellas |
Plassering på lista til Rolling Stone frå 2010 over dei 500 beste songane gjennom tidene 366 «Little Wing» Jimi Hendrix |
365: «Sweet Dreams (Are Made of This)» Eurythmics |