Little Cumbrae
Little Cumbrae Lokalt namn Cumaradh Beag | |
---|---|
Little Cumbrae sett frå Haylie Brae på fastlandet. Merk Great Cumbrae i føregrunnen til høgre og Arran bakom. | |
Geografi | |
Stad | Firth of Clyde |
Koordinatar | 55°43′N 4°57′W / 55.72°N 4.95°W |
Øygruppe | Øyane i Firth of Clyde
|
Areal | 3,13 km²
|
Høgaste punkt | Lighthouse Hill (123 moh.)
|
Administrasjon | |
Land | Skottland |
Region | North Ayrshire
|
Demografi | |
Folketal | 0
|
Little Cumbrae (skotsk-gælisk Cumaradh Beag) er ei øy i Firth of Clyde i North Ayrshire i Skottland. Øya vert lokalt kalla Wee Cumbrae.
Little Cumbrae ligg berre ein kilometer sør for den større naboøya, Great Cumbrae. Øyane vert i lag kalla The Cumbraes. I sterk kontrast til naboøya, som er grøn og frodig, er Little Cumbrae naken og berglendt. Med mange klipper og frambrot liknar Little Cumbrae meir på øyane i Hebridane enn dei andre øyane i Firth of Clyde.
Det ligg fleire busetnadslause øyar langs austsida av Littl Cumbrae, Castle Isle, the Broad Islands og Trail Isle.
Historie
[endre | endre wikiteksten]Robert II skal ha bygd borga, Little Cumbrae Castle, på øya, som vart øydelagd av soldatane til Cromwell i 1653.[1]
Fyr
[endre | endre wikiteksten]Cumbrae fyr vart bygd i 1793 av Thomas Smith for Commissioners of the Northern Lights. Fyret ligg på ein brei strandvoll på vestsida av øya ut mot fjorden.
Før fyret vart bygd var det ein eldstad på toppen av Lighthouse Hill på øya. Restane etter denne strukturen er framleis synleg.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Little Cumbrae» frå Wikipedia på engelsk, den 8. februar 2010.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ «Overview of Little Cumbrae». Gazetteer for Scotland. Henta 8. februar 2010.