Liten laksetobis
Liten laksetobis | |
Liten laksetobis | |
Status | |
Status i verda: Livskraftig Status i Noreg: Livskraftig | |
Systematikk | |
Rike: | Dyr Animalia |
Rekkje: | Ryggstrengdyr Chordata |
Underrekkje: | Virveldyr Vertebrata |
Klasse: | Actinopteri |
Orden: | Øglefiskar Aulopiformes |
Familie: | Laksetobisfamilien Paralepididae |
Slekt: | Arctozenus |
Art: | Liten laksetobis A. risso |
Vitskapleg namn | |
Arctozenus risso |
Liten laksetobis (Arctozenus risso) er ein fiskeart i laksetobisfamilien som finst i dei fleste tempererte og tropiske hav i verda. Han er den einaste arten i slekta Arctozenus.
Utsjånad
[endre | endre wikiteksten]Fisken er svært lang og smal med spist hovud, store auge og ein stor munn med kvasse tenner.[1][2] Han er sølvfarga. Kroppen minner om den til ein barrakuda,[3] og bukfinnane og ryggfinnen er plasserte langt bak på kroppen. Den lengste finnen er analfinnen, som har 30 til 32 finnestråler. Nær halefinnen har han ein liten feittfinne.[4] Lengda kan vera opptil 30 cm.[1]
Levesett
[endre | endre wikiteksten]Den mindre laksetobisen er ein pelagisk fisk som lever frå havoverflata til djupner på 2 200 meter. Føda består av småfisk og reker. Han leikar i tempererte og tropiske farvann. Larvene er pelagiske.[1]
Utbreiing
[endre | endre wikiteksten]Arten finst i sørlege Arktis og i alle tempererte og tropiske hav mellom 71°N og 55°S.[5] Han unngår vatna kring Dei britiske øyane, men går inn i det vestre Middelhavet.[6] Laksetobisen vitjar ein sjeldan gong norske farvatn.[7]
Arten er føde for mange pelagiske predatorar, som blekksprutar, vanlege delfinar og albakorar.[8][9][10] For menneske har han inga økonomisk tyding.[11]
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ 1,0 1,1 1,2 Jarre-Teichmann, Astrid (20. april 2010). «Arctozenus risso (Bonaparte, 1840) Spotted barracudina» (på engelsk). Fishbase. Henta 1. juli 2010.
- ↑ «Ribbon Barracudina, Arctozenus risso (Bonaparte, 1840)» (på engelsk). Australian Museum. Henta 1. august 2010.
- ↑ Curry-Lindahl, Kai: Våra fiskar : havs- och sötvattensfiskar i Norden och övriga Europa, Norstedts, Stockholm 1985, s. 361. ISBN 91-1-844202-1.
- ↑ Muus, Bent J; Nielsen, Jørgen G; Svedberg, Ulf: Havsfisk och fiske i Nordvästeuropa, Prisma, Stockholm 1999, s. 108-109. ISBN 91-518-3505-3.
- ↑ Jarre-Teichmann, Astrid (20. april 2010). «Arctozenus risso (Bonaparte, 1840) Spotted barracudina» (på engelsk). Fishbase. Henta 1. juli 2010.
- ↑ Muus, Bent J; Nielsen, Jørgen G; Svedberg, Ulf: Havsfisk och fiske i Nordvästeuropa, Prisma, Stockholm 1999, s. 108-109. ISBN 91-518-3505-3.
- ↑ Curry-Lindahl, Kai: Våra fiskar : havs- och sötvattensfiskar i Norden och övriga Europa, Norstedts, Stockholm 1985, s. 361. ISBN 91-1-844202-1.
- ↑ Cherel, Y.; Duhamel, G. (2003). «Diet of the squid Moroteuthis ingens (Teuthoidea: Onychoteuthidae) in the upper slope waters of the Kerguelen Islands». Marine Ecology Progress Series 250: 197–203. doi:10.3354/meps250197.
- ↑ Pusineri, C.; Magnin, V. R.; Meynier, L.; Spitz, J. R. M.; Hassani, S.; Ridoux, V. (2007). «Food and feeding ecology of the common dolphin (Delphinus delphis) in the oceanic northeast Atlantic and comparison with its diet in neritic areas». Marine Mammal Science 23: 30–47. doi:10.1111/j.1748-7692.2006.00088.x.
- ↑ Pusineri, C.; Vasseur, Y.; Hassani, S.; Meynier, L.; Spitz, J.; Ridoux, V. (2005). «Food and feeding ecology of juvenile albacore, Thunnus alalunga, off the Bay of Biscay: a case study». ICES Journal of Marine Science 62: 116–122. doi:10.1016/j.icesjms.2004.09.004.
- ↑ Vøllestad, Asbjørn (8. april 2022). «laksetobiser». Store norske leksikon (på norsk bokmål).
- Liten laksetobis i Artsdatabanken. Besøkt 14. juni 2022.
- Denne artikkelen bygger på «Mindre laxtobis» frå Wikipedia på svensk, den 14. juni 2022.