Hopp til innhald

Lindås

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Lindås
tettstad
Land  Noreg
Fylke Vestland
Kommune Alver
Areal 1,07 km²
Folketal 1 399  (2023)
Folketettleik 1 307 / km²
Postnummer 5955
Preposisjon Lindås
Kart
Lindås
60°44′10″N 5°09′39″E / 60.7361°N 5.16083°E / 60.7361; 5.16083
Wikimedia Commons: Lindås, Alver

Lindås er ein tettstad i Alver kommune i Vestland. Den var tidlegare administstrasjonssenter i Lindås kommune i Hordaland fylke. Staden har 1 399 innbyggjarar per 1. januar 2023. Langkyrkja i tre frå 1865, tidlegare katolsk steinkyrkje i nærleiken. Den no nedlagde sjukeheimen på Lindås, frå 1920-talet, var opphavleg eit sanatorium for tuberkulosepasientar, fram til midten av 1940-talet.

Den lokale lyrikaren Aslaug Låstad Lygre var frå denne bygda. Bygda har no bensinstasjon, idrettshall, grunnskule, bakeri, barnehage, kyrkje, hotell og kjøpesenter.