Lim O-kyeong
Lim O-kyeong | |
Statsborgarskap | Sør-Korea |
Fødd | 11. desember 1971 (52 år) Jeongeup |
Idrett | handball |
Tok del i | Sommar-OL 2004, Sommar-OL 1996, Sommar-OL 1992 |
Lim O-kyeong (fødd 11. desember 1971) er ein sørkoreansk tidlegare handballspelar og seinare politikar frå Jeongeup. Ho vart olympisk meister for Sør-Korea i 1992 og verdsmeister i 1995. Lim var spelstyrar.
Karriere
[endre | endre wikiteksten]Idrett
[endre | endre wikiteksten]Lim var toppskårar i finalen då Sør-Korea ved Sommar-OL 1992 i Barcelona forsvarte OL-tittelen frå heimebane i 1988. Ho skåra åtte av mål då Noreg vart slått 28-21. Tre år seinare vart ho verdsmeister under Handball-VM 1995. I 1996 vart ho ny toppskårar i ein OL-finale, dessutan skåra ho flest mål av alle i turneringa. Sør-Korea tapte OL-finalen i Atlanta etter ekstraomgangar mot Danmark. Lim deltok også då Sør-Korea i 2004 på ny tapte ein OL-finale, atter mot Danmark og fyrst etter straffekasting. Året i førevegen fekk ho og Sør-Korea bronse under verdsmeisterskapen.
Politikk
[endre | endre wikiteksten]I 2020 vart Lim vald inn i den sørkoreanske nasjonalforsamlinga som representant for Demokrat-partiet.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Lim O-kyeong» frå Wikipedia på engelsk, den 18. november 2022.