Likviditetsfelle
Utsjånad
Ei likviditetsfelle er eit spesialtilfelle som blir skildra i keynesiansk økonomi. I ei likviditetsfelle gjev ikkje tilførsel av pengar frå sentralbanken til det private banksystemet lågare renter. Ei likviditetsfelle er forårsaka av at folk hamstrar pengar av di dei ventar ei negativ hending, som til dømes deflasjon, fallande etterspurnad eller krig. I ei likviditetsfelle er dei korte rentene låge og ei endring i basispengemengda fører ikkje til endringar i det generelle prisnivået.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Likviditetsfelle» frå Wikipedia på bokmål, den 2. januar 2022.
Denne artikkelen treng referansar for verifikasjon. |
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Gauti H. Eggertsson, 2008. "liquidity trap" The New Palgrave Dictionary of Economics Online, 2nd Edition.
- John Maynard Keynes, 1936. The General Theory of Employment, Interest and Money. Macmillan.