Life in a Day
Life in a Day Studioalbum av Simple Minds | ||
Språk | engelsk | |
Utgjeve | 1. april 1979 | |
Innspelt | Desember 1978 til januar 1979 | |
Studio | Rolling Stones Mobile, Abbey Road og Townhouse | |
Sjanger | ||
Lengd | 43:10 | |
Selskap | Zoom | |
Produsent | John Leckie | |
Simple Minds-kronologi | ||
---|---|---|
Life in a Day | Real to Real Cacophony (1979)
| |
Singlar frå Life in a Day | ||
|
Life in a Day er debutalbumet til det skotske rockebandet Simple Minds, gjeve ut i april 1979 på Zoom.
Det nådde 30. plassen på UK Albums Chart. Tittelsporet og «Chelsea Girl» kom ut på singlar.
Utgjeving og mottaking
[endre | endre wikiteksten]Life in a Day låg seks veker inne på den britiske albumlista og nådde 30. plassen der.[1] Tittelsporet kom ut 12. mai som den første singelen til Simple Minds og nådde 62. plassen på den britiske singellista, der han låg inne i to veker.[1] Den neste singelen, «Chelsea Girl», gjekk ikkje inn på lista i det heile. Det var ei hyllest til Nico- og Andy Warhol-filmen Chelsea Girls, og var ein populær konsertsong for bandet.[2]
Meldingar | |
---|---|
Karakter | |
Kjelde | Karakter |
AllMusic | [3] |
Martin C. Strong | 7/10[4] |
NME | positiv[5] |
Smash Hits | 8/10[6] |
Andy Kellman i AllMusic rangerte dette Simple Minds-albumet lågast av dei fem første utgjevingane deira, og skreiv at dei etterlikna Magazine og Roxy Music. Han rangerte «Someone» som det beste sporet på plata.[7] NME-skribenten Tony Stewart roste tekstane og arrangementet, men meinte albumet var openbert inspirert av 70-talsmusikk. Han rangerte «Murder Story» som det beste sporet på albumet. Sjølv om han skreiv at albumet var overprodusert og undergrov stilen til bandet, vurderte han albumet som bra.[5]
I eit intervju i 2012 angra frontmannen i bandet, Jim Kerr, at produksjonen på albumet hadde ført til at songane på albumet mangla «gneisten» som var ein del av konsertframføringane deira, og skildra kjenslene hans om albumet som «bittersøtt».[8] Han hugsa at dei på den tida «køyrde opp til Skottland, og nokon gav meg ein kassett med Unknown Pleasures av Joy Division... og eg tenkte at me hadde fullstendig mislukkast».[9]
Innhald
[endre | endre wikiteksten]All tekst er skriven av Jim Kerr; all musikk er komponert av Charles Burchill og Jim Kerr.
Nr. | Tittel | Lengd |
---|---|---|
1. | «Someone» | 3:42 |
2. | «Life in a Day» | 4:05 |
3. | «Sad Affair» | 2:45 |
4. | «All for You» | 2:51 |
5. | «Pleasantly Disturbed» | 7:59 |
Nr. | Tittel | Lengd |
---|---|---|
6. | «No Cure» | 3:34 |
7. | «Chelsea Girl» | 4:34 |
8. | «Wasteland» | 3:45 |
9. | «Destiny» | 3:38 |
10. | «Murder Story» | 6:17 |
Total lengd: | 43:10 |
Medverkande
[endre | endre wikiteksten]- Jim Kerr – solovokal
- Charles Burchill – gitar, fiolin, vokal
- Derek Forbes – bass, vokal
- Brian McGee – trommer, perkusjon, vokal
- Michael MacNeil – klaverinstrument, vokal
- John Leckie – plateprodusent
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Life in a Day» frå Wikipedia på engelsk, den 6. september 2020.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ 1,0 1,1 Simple Minds. OfficialCharts.com. Henta den 6. september 2020.
- ↑ Thompson, Deve. «Chelsea Girl » Allmusic.com. Henta den 6. september 2020.
- ↑ Kellman, Andy. Life in a Day på Allmusic. Henta 6. september 2020.
- ↑ The Essential Rock Discography – Volume 1: 970. 2006. Missing or empty
|title=
(hjelp) - ↑ 5,0 5,1 Stewart, Tony (21. april 1979). «Secondhand Simplicity (Life in a Day)». NME. IPC Media. Henta 9. januar 2013.
- ↑ Starr, Red (17–31. mai 1979). «Albums». Smash Hits: 25.
- ↑ Kellman, Andy. «Life in a Day » Allmusic.com. Henta den 6. september 2020.
- ↑ Hogwood, Ben (2012). «Interview: Simple Minds». Music OMH. Arkivert frå originalen 13. oktober 2012. Henta 6. september 2020.
- ↑ Stubbs, David (21. februar 2012). «A Glittering Prize – Jim Kerr Of Simple Minds Interviewed». A Quietus Interview. Quietus. Henta 6. september 2020.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Life in a Day på Discogs (liste over utgjevingar)