Leskovac
Leskovac Лесковац | |
---|---|
Sentrum | |
Styresmakter | |
Region Distrikt |
Sørlege og austlege Serbia Jablanica |
Geografi | |
Flatevidd | 25,27 km² |
Flatevidd - By |
1025 km² |
Innbyggjarar[1] - By (2022) - Byområde |
123950 54091 |
Tidssone | Sentraleuropeisk tid, UTC 01:00 (UTC) |
Diverse anna | |
Postnummer | 16000 |
Bilnummer | LE |
Heimeside: www.cityofleskovac.org | |
Plassering | |
Leskovac (kyrillisk Лесковац) er ein by og ein kommune sør i Serbia. Han er det administrative senteret i distriktet Jablanica. Europaveg 75 frå Beograd til Thessaloníki i Hellas går gjennom byen.
Historie
[endre | endre wikiteksten]I 1860 var Leskovac den nest største byen i Fyrstedømet Serbia (etter Beograd). I 1867 dreiv fyrstedømet osmanarane ut av byane og fekk suverenitet over området, som vart internasjonalt anerkjend i Berlingerkongressen i 1878. I starten gjekk dette utover handelen i byen, men det tok seg opp att mot slutten av 1800-talet. Leskovac var kjend over heile Balkan for verkstadane som gjorde hamp om til tau. Under Det osmanske riket vart byen kalla Leskofça og var ein del av Niş sanjak fram til 1878.
Etter kvart vart det bygd vassdrivne møller i regionen. I 1896 kjøpte grunnleggarane av desse fabrikkutstyr for å produsere ullklede frå Det tyske riket. Dette var den første fabrikken i byen. I 1903 vart det bygd ein fabrikk for å handsame hamp nord for det gamle bysentrumet. I 1922 opna familien Teokarevic ein ullfabrikk i den vesle byen Vucje nær Leskovac. I 1938 hadde dei private tekstilfabrikkane i Leskovac 2560 arbeidarar.
Byen, som opphavleg vart kalla Dubočica, vart kjend som «Vesle Manchester» på 1800-talet, sidan berre Manchester i England overgjekk tekstilproduksjonen her. Byen var framleis eit stort tekstilsenter etter at kommunismen kollapsa i Aust-Europa, men som følgje av krigane i Serbia på 1990-talet kollapsa industrien.[2]
Den andre verdskrigen
[endre | endre wikiteksten]Under den andre verdskrigen vart byen utsett for kraftige bombeåtak frå dei allierte i 1944, og det er estimert at mellom 1000 og 6000 innbyggjarar mista livet.[3][4]
Kosovokrigen
[endre | endre wikiteksten]12. april 1999, under NATO-bombinga av Jugoslavia, vart ei bru nær Leskovac (Grdelička klisura) øydelagd under flyåtak frå NATO medan eit passasjertog kryssa brua.
Befolkningsutvikling
[endre | endre wikiteksten]År | Folketal[5] |
---|---|
1948 | 113 158 |
1953 | 121 311 |
1961 | 134 250 |
1971 | 147 487 |
1981 | 159 001 |
1991 | 161 986 |
2002 | 156 252 |
2011 | 144 206 |
2022 | 123 950 |
Busetnader
[endre | endre wikiteksten]Dei største busetnadane i kommunen er:[5]
Folketal 2002 | Folketal 2011 | Folketal 2022 | |
---|---|---|---|
Zaječar | 63 185 | 60 288 | 54 091 |
Bratmilovce | 3 531 | 3 482 | 3 361 |
Vučje | 3 258 | 2 865 | 2 553 |
Bobište | 1 782 | 2 635 | 2 371 |
Vinarce | 3 090 | 2 730 | 2 327 |
Brestovac | 2 086 | 2 027 | 1 713 |
Grdelica | 2 383 | 2 136 | 1 694 |
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Leskovac» frå Wikipedia på engelsk, den 23. mars 2009.
Referansar
[endre | endre wikiteksten]- ↑ «Укупан број становника, по насељеним местима / Total population, by settlements» (xlsx). Републички завод за статистику (Statistikkontoret for Republikken Serbia). Henta 30. september 2024.
- ↑ "A Serbian Region Unravels With Its Textile Industry", artikkel av Nicholas Wood i New York Times, 29. januar 2007
- ↑ Historia til Leskovac[daud lenkje]
- ↑ Bombinga av Leskovac
- ↑ 5,0 5,1 «"Упоредни преглед броја становника 1948, 1953, 1961, 1971, 1981, 1991, 2002, 2011. и 2022. године Comparative overview of the number of population in 1948, 1953, 1961, 1971, 1981, 1991, 2002, 2011. and 2022."». stat.gov.rs. Statistical Office of the Republic of Serbia. Henta 30. september 2024.