Lesjaverk stasjon
Lesjaverk stasjon | |
Stasjonsområde | |
---|---|
Distanse | 379,89 |
Opna | 1921 |
Arkitekt | Jernbanens Arkitektkontor ved Gudmund Hoel og Bjarne Friis Baastad |
Linjer og rutedrift | |
Linje(r) | Raumabanen |
Eigar(ar) | Bane NOR |
Overgang | |
Lesjaverk stasjon er ein jernbanestasjon på Raumabana. Stasjonen opna då Raumabana si strekning til Bjorli sto ferdig i 1921. Lesjaverk er ei lita bygd i Lesja kommune, 35 kilometer nordvest for Dombås. Stasjonsbygninga er verna.
Trafikale høve
[endre | endre wikiteksten]Lesjaverk var ein fullverdig stasjon med betening som ekspederte tog, selde billettar og handterte postsendingar inntil beteninga vart inndregen i 1970. Fram til 1983 var stasjonen betent viss det var behov. Stasjonen var underlagt stasjonsmeisteren på Bjorli stasjon. Frå 1983 har stasjonen vore haldeplass. Vognlaster kunne sendas til eller frå stasjonen til ut på 1980-talet.[1]
Om lag 1900 passasjerar reiste til eller frå Lesjaverk i 2011, og Jernbaneverket vurderte å leggja ned stasjonen i sitt Stasjonsstrukturprosjekt i 2012.[2]
Stasjonen hadde eit 315 meter langt kryssingsspor og eit 75 meter langt gjennomgåande lastespor med godsrampe.[3] Kryssingssporet vart fjerna etter 1990, medan lastesporet vart fjerna etter 2013.
Betening
[endre | endre wikiteksten]Lesjaverk var i periodar ein "kjerringstasjon", betent av personale utan sikkerheitsteneste.[4]
- Ingeborg Johansen, f. 1892, ekspeditrise frå 15.11.1921
- Thor T. Lindvig, f. 1878, frå 1.7.1924
- Axel Marius Marsten, f. 1895, bestyrar frå 21.11.1929
- Leif Øverby, f. 1900, bestyrar frå 1.7.1937, stasjonsmeister frå 10.2.1949
- Ola Jarle Haugen, f. 1921, frå 31.8.1962
- Stein Revhaug, f. 1930, bestyrar frå 1.11.1966-16.6.1970
Stasjonsbygninga
[endre | endre wikiteksten]Stasjonsbygninga var teikna av Jernbanens Arkitektkontor ved Gudmund Hoel og Bjarne Friis Baastad. Bygningstypen kaltes "Type for Raumabanen" og var likeins som fleire andre på bana, mellom anna Bottheim, Verma og Marstein.[5]
Bygninga vart reist mellom 1918 og 1921, kravde 30 556 arbeidstimar og kosta 111 249 kroner. Kostnadane for heile stasjonsanlegget var 334 973 kroner.[6]
Stasjonsbygninga har to etasjar og kjellar.[7] Ho er lafta og kledd med liggjande trepanel og ståande vekselpanel i gavlane. Saltaket er tekt med skifer. Gavlvindauga og døropninga frå plattforma til venterommet er ramma inn med ornament i nyrokokko. Fyrste etasje inneheldt ekspedisjonskontor, telegrafistkontor og venterom, seinare postkontor og kvilerom. Ekspedisjonsrommet har eit karnapp mot plattforma med plass for innvendig stillverk. Andre etasje hadde ein tenestebustad med inngang frå baksida. I kjellaren var det eit bryggarhus for klesvask og rom for lagring av mat og brensel. Godshuset er i ein einetasjes sidefløy til stasjonsbygninga.
Bygningsmassen på Lesjaverk omfatta òg ei privétbygning med tre utedassar (riven på 1990-talet), kvilebu (1953), vedskjul og ein dobbel vakterbustad med to uthus.
Kulturminne
[endre | endre wikiteksten]NSB si bygningsregistrering omtala i 1981 stasjonsbygninga og privéten som i god stand og av høg verneverdi. Den doble vaktarbustaden hadde middels verneverdi. Nokre år seinare vart privétbygninga riven.
Høyringsutkast til verneplanen (1993)
[endre | endre wikiteksten]Då registreringa skulle omsetjast i eit høyringsutkast til verneplanen i 1993, vart stasjonsmiljøet inkludert vaktarbustaden foreslege verna.[8] Eigaren NSB Eiendom sette seg i mot og føreslo istaden å verna Lesja stasjon. Stasjonsbygninga vart difor teken ut av verneplanen, medan vakterbustaden vart verna.
Verneplan for jernbanebygningar (1997)
[endre | endre wikiteksten]Då planen vart vedteken i 1997, vart vaktarbustaden på Lesjaverk vald som representant for doble vaktarbustader av typen «Dovrebanen nord». Busatden var teikna av Gudmund Hoel og R. Werenskiold, og uthusa med utedass, fjos og vedbu av Erik Glosimodt, Dovrebanen sin hovudarkitekt.[9]
Nasjonal verneplan (2004)
[endre | endre wikiteksten]"Nasjonal verneplan for kulturminner i jernbanen" (2004) slo fast at stasjonane på Lesja og Lesjaverk var viktige lokale kulturminne.[10]
« |
Lesja og Lesjaverk stasjoner |
» |
Som fylgje av dette er Lesjaverk stasjon administrativt verna. Vernet omfattar båe stasjonsbygninga og den doble vaktarbustaden. [11]
Lesjaverk postkontor
[endre | endre wikiteksten]Frå 8. juni 1946 var det postopneri på stasjonen.[12]. I 1973 vart postopneriet oppgradert til underpostkontor og i 1977 til postkontor C. I 1978 vart postkontoret bygd om med nye skrankar og kundetoalett. Delar av venterommet vart bygd om til personalrom med toalett og dusj, og i andre etasje vart det bygd baderom. Billettlukane vart tetta att og togekspedisjonen flytta ut i godshuset. Postkontoret på Lesjaverk stasjon vart lagt ned 1. desember 1998.
Kjeldar
[endre | endre wikiteksten]- ↑ Noregs Statsbanar (1980). Trykk 802. Ekspedisjonssteder og sidespor ved NSB. Gjelder fra 01.01.1980 (PDF). s. 11 og 53.
- ↑ Jernbaneverket (2012). Stasjonsstrukturprosjektet. Dovrebanen (søndre del og Raumabanen}. s. 7.
- ↑ Noregs Statsbanar (1958). Sluttrapport fra Raumabanen – jernbaneanlegget Dombås–Åndalsnes – Åpnet for trafikk 29.11.1924. s. 106.
- ↑ Rauma kulturstyre (1994). Normann-samlinga. Raumabana. ISBN 82-91317-01-1.
- ↑ NSB Arkitektkontoret (1988). Aasmund Dahl, red. Bygningsregistrering: Hamar distrikt: Raumabanen.
- ↑ Noregs Statsbanar (1958). Sluttrapport fra Raumabanen – jernbaneanlegget Dombås–Åndalsnes – Åpnet for trafikk 29.11.1924. s. 102.
- ↑ NSB Arkitektkontoret (1988). Aasmund Dahl, red. Bygningsregistrering: Hamar distrikt: Raumabanen. s. 22–27.
- ↑ Noregs Statsbanar og Riksantikvaren (1993). Eivind Hartmann og Øistein Mangset, red. Verneplan for jernbanebygninger. Revidert opptrykk 1993. (PDF). s. 43.
- ↑ Noregs Statsbanar og Riksantikvaren (1997). Eivind Hartmann og Øistein Mangset, red. Verneplan for jernbanebygninger. Oppdatert mai 1997 (PDF). s. 43.
- ↑ Jernbaneverket (2004). Nasjonal verneplan for kulturminner i jernbanen. Del II. Objekter og miljøer. s. 27.
- ↑ Lesja kommune (2019). Tematisk kommuneplan for kulturminne i Lesja kommune. s. 27.
- ↑ «2667 Lesjaverk (Poståpneri)». kulturNAV.org. 19. mars 2024. Henta 4. juni 2024.
Bibliografi
[endre | endre wikiteksten]- Noregs Statsbanar (1957). Trykk 802a. Tjenesteskrift utgitt av Norges Statsbaner. Ekspedisjonssteder og sidespor ved NSB. Gjelder fra 1. juli 1957 (PDF).
- Noregs Statsbanar (1958). Sluttrapport fra Raumabanen – jernbaneanlegget Dombås–Åndalsnes – Åpnet for trafikk 29.11.1924.
- NSB Arkitektkontoret (1988). Aasmund Dahl, red. Bygningsregistrering: Hamar distrikt: Raumabanen.
- Noregs Statsbanar og Riksantikvaren (1993). Eivind Hartmann og Øistein Mangset, red. Verneplan for jernbanebygninger. Revidert opptrykk 1993.
- Rauma kulturstyre (1994). Normann-samlinga. Raumabana. ISBN 82-91317-01-1.
- Noregs Statsbanar og Riksantikvaren (1997). Eivind Hartmann og Øistein Mangset, red. Verneplan for jernbanebygninger. Oppdatert mai 1997.
- Jernbaneverket (2004). Nasjonal verneplan for kulturminner i jernbanen. Del I. Strekningsvern.
- Jernbaneverket (2004). Nasjonal verneplan for kulturminner i jernbanen. Del II. Objekter og miljøer.
- Thor Bjerke og Finn Holom (2004). Banedata 2004. Norsk Jernbaneklubb og Norsk Jernbanemuseum. ISBN 82-90286-28-7.
- Jernbaneverket (2012). Stasjonsstrukturprosjektet. Dovrebanen (søndre del og Raumabanen}.
- Lesja kommune (2019). Tematisk kommuneplan for kulturminne i Lesja kommune.
- Denne artikkelen bygger på «Lesjaverk stasjon» frå Wikipedia på bokmål, den 25. mai 2024.
Bakgrunnstoff
[endre | endre wikiteksten]- Jernbaneverket si informasjonsside om Lesjaverk
- Stasjonsoversikta til NSB
- Stasjonsdatabasen til Norsk Jernbaneklubb: Raumabanen
- BaneNOR Network Statement 2025. Informasjon om stasjonen.
- Innlandet fylkesarkiv Bilete frå Lesjaverk
Førre stasjon | Bane NOR | Neste stasjon | ||
---|---|---|---|---|
Endestasjon | Raumabanen | Raumabanen | nedlagt: Lora
| |
Regionaltrafikk | ||||
Endestasjon | R65 | R65 |