Lesja stasjon
Lesja stasjon | |
Foto: Jan-Tore Egge
| |
Stasjonsområde | |
---|---|
Stad | Lesja |
Distanse | 360,68 |
Opna | 1921 |
Arkitekt | Jernbanens Arkitektkontor ved Gudmund Hoel og Bjarne Friis Baastad |
Linjer og rutedrift | |
Linje(r) | Raumabana |
Eigar(ar) | Bane NOR |
Overgang | |
Lesja stasjon er ein jernbanestasjon på Raumabana. Stasjonen ligg i sentrum av tettstaden Lesja, 15 kilometer nordvest for Dombås, og vart opna då Raumabana si strekning til Bjorli sto ferdig i 1921.
I 2011 var det om lag 2 000 passasjerar som tok toget til eller frå Lesja.[1]
Trafikale høve
[endre | endre wikiteksten]Alle tog på Raumabana stansar om det er reisande til eller frå Lesja. Stasjonen har eit kryssingsspor på 313 meter utan plattform, og det er difor ikkje mogleg å krysse to passasjertog på staden.
Betening
[endre | endre wikiteksten]Lesja var ein stor stasjon som hadde stasjonsmeistrar inntil tittelen vart endra til avdelingsleiar i 1981.[2]
- Sigurd S. Løken, f. 1885, bestyrar frå 15.1.1921
- Jørgen M. Larsen, f. 1885, frå 22.11.1924
- Jørgen Skjefstad, f. 1883, frå 4.3.1928
- Fridtjof P. Svane, f. 1894, frå 17.9.1938
- Jan Blystad, f. 1895, frå 19.11.1947
- Henrik W. Paulsen, f. 1899, frå 1.7.1955
- Aadne Nyli, f. 1908, frå 17.2.1959
- Helge Moss, f. 1921, frå 17.3.1962
- Ola Jarle Haugen, f. 1921, frå 13.1.1966
- Wilfred Skjøthaug, f. 1933, avdelingsleiar frå 1.11.1981
I den tida kor alle stasjonar var betente var Lora stoppestad underlagt stasjonsmeisteren på Lesja stasjon. Det militære sidesporet på Aura, fire kilometer aust for Lesja, var òg underlagt stasjonen. Sjølv om Lesja mista beteninga i 1990, vart det framleis sendt vognlaster til stasjonen i mange år etterpå. Lesja var inntil 2003 den siste mellomstasjonen som ekspederte vognlaster på Raumabana.[3]
Stasjonsbygninga
[endre | endre wikiteksten]Stasjonsbygninga vart teikna av Jernbanens arkitektkontor ved Gudmund Hoel og Bjarne Friis Baastad. Bygningstypen er kalla «Type for Raumabanen» og er likeins som fleire andre på bana, mellom anna Bottheim, Verma og Marstein.
Stasjonsbygninga vart bygd mellom 1917 og 1921, kravde 29 228 arbeidstimar og kosta 103 595 kroner. Heile stasjonsanlegget kosta i alt 298 147 kroner.[4] Bygninga er reist av lafta tømmer kledd med liggjande trepanel og ståande vekselpanel i gavlane. Saltaket er tekt med skifer. Gavlvindauga og døropninga inn til venterommet er innramma med ornament i nyrokokko.
Fyrste etasje inneheldt venterom, ekspedisjonskontor og telegrafistkontor.[5] I 1981 vart det innreidd kvilerom med bad for baneavdelinga i ein del av venterommet. Ekspedisjonsrommet hadde karnapp mot plattforma med plass til innvendig stillverk. I andre etasje var det ein tenestebustad med inngang frå baksida. Kjellaren hadde rom for matlagring, brensellagring og bryggerhus for kledevask. Godshuset var i ei einetasjes sidefløy til stasjonsbygninga.
På stasjonsområdet er det òg ein privétbygning, eit vedskur, ein vaktarbustad (teikna av Hoel og R. Werenskiold) med uthus og eit rampeskur frå 1949.
Kulturminnet
[endre | endre wikiteksten]NSBs bygningsregistrering i 1981 omtala stasjonsbygninga «i god stand» og verneverdien som «middels».[6]
Då registreringa skulle omsetjast i eit høyringsutkast til verneplanen i 1993, vart Lesjaverk stasjon foreslått verna.[7] Eigaren NSB sette seg i mot og føreslo istaden å verna Lesja stasjon. Fylkeskonservatoren i Møre og Romsdal føreslo Verma stasjon, og styringsgruppa valde difor Verma som representant for stasjonane på Raumabana. Lesjaverk og Lesja vart tekne ut av planane.[8]
Nasjonal verneplan (2004)
[endre | endre wikiteksten]I Nasjonal verneplan for kulturminner i jernbanen (2004) vart stasjonane på Lesja og Lesjaverk framheva som viktige lokale kulturminne:[9]
« |
Lesja og Lesjaverk stasjoner |
» |
Lesja stasjon vart som fylgje av dette verna etter plan- og bygningslova. Vernet omfattar stasjonsbygning, godshus, privét, plattform, hage og planta allé med stabbesteinar.[10]
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ Jernbaneverket (2012). Stasjonsstrukturprosjektet. Dovrebanen (søndre del og Raumabanen}. s. 7.
- ↑ Rauma kulturstyre (1994). Normann-samlinga. Raumabana. s. 150. ISBN 8291317011.
- ↑ Noregs Statsbanar (1994). Trykk 802. Ekspedisjonssteder og sidespor ved NSB. Gjelder fra juni 1994 (PDF). s. 23.
- ↑ Noregs Statsbanar (1958). Sluttrapport fra Raumabanen – jernbaneanlegget Dombås–Åndalsnes – Åpnet for trafikk 29.11.1924. s. 101.
- ↑ NSB Arkitektkontoret (1988). Aasmund Dahl, red. Bygningsregistrering: Hamar distrikt: Raumabanen.
- ↑ NSB Arkitektkontoret (1981). Aasmund Dahl, red. Bygningsregistrering Hamar distrikt. Raumabanen.
- ↑ Noregs Statsbanar og Riksantikvaren (1993). Eivind Hartmann/Øistein Mangset, red. Verneplan for jernbanebygninger. Revidert opptrykk 1993. (PDF). s. 43.
- ↑ Noregs Statsbanar og Riksantikvaren (1997). Eivind Hartmann og Øistein Mangset, red. Verneplan for jernbanebygninger. Oppdatert mai 1997. s. 29.
- ↑ Jernbaneverket (2004). Nasjonal verneplan for kulturminner i jernbanen. Del II. Objekter og miljøer. s. 27.
- ↑ Lesja kommune (2019). Tematisk kommunedelplan for kulturminne i Lesja (PDF). s. 20-28.
Bibliografi
[endre | endre wikiteksten]- Noregs Statsbanar (1954). Trykk 802b. Tjenesteskrifter utgitt av Norges Statsbaner. Holdeplasser ved NSB. Gjelder fra 1. oktober 1954 (PDF).
- Noregs Statsbanar (1957). Trykk 802a. Tjenesteskrifter utgitt av Norges Statsbaner. Ekspedisjonssteder og sidespor ved NSB. Gjelder fra 1. juli 1957. (PDF).
- Noregs Statsbanar (1958). Sluttrapport fra Raumabanen – jernbaneanlegget Dombås–Åndalsnes – Åpnet for trafikk 29.11.1924.
- Noregs Statsbanar (1966). Trykk 802b. Holdeplasser ved NSB. Rettelsesblad nr. 6. Ajourført t.o.m. 30. april 1966.
- Noregs Statsbanar (1980). Trykk 802. Ekspedisjonssteder og sidespor ved NSB. Gjelder fra 01.01.1980 (PDF).
- NSB Arkitektkontoret (1988). Aasmund Dahl, red. Bygningsregistrering: Hamar distrikt: Raumabanen.
- Noregs Statsbanar og Riksantikvaren (1993). Eivind Hartmann/Øistein Mangset, red. Verneplan for jernbanebygninger. Revidert opptrykk 1993 (PDF).
- Rauma kulturstyre (1994). Normann-samlinga. Raumabana. ISBN 82-91317-01-1.
- Noregs Statsbanar (1994). Trykk 802. Ekspedisjonssteder og sidespor ved NSB. Gjelder fra juni 1994 (PDF).
- Noregs Statsbanar (1996). NSB Effekt 600. Forretningsplan Nye NSB Persontrafikk.
- Noregs Statsbanar og Riksantikvaren (1997). Eivind Hartmann og Øistein Mangset, red. Verneplan for jernbanebygninger. Oppdatert mai 1997.
- Jernbaneverket (2004). Nasjonal verneplan for kulturminner i jernbanen. Del II. Objekter og miljøer.
- Thor Bjerke og Finn Holom (2004). Banedata 2004. Norsk Jernbaneklubb og Norsk Jernbanemuseum. ISBN 82-90286-28-7.
- Jernbaneverket (2012). Stasjonsstrukturprosjektet. Dovrebanen (søndre del og Raumabanen}.
- Lesja kommune (2019). Tematisk kommuneplan for kulturminne i Lesja kommune.
- Denne artikkelen bygger på «Lesja stasjon» frå Wikipedia på bokmål, den 19. mai 2024.