Lepton
Utsjånad
Eit Lepton høyrer til ei gruppe av elementærpartiklar som ikkje vert påverka av sterk vekselverknad eller kjernekrefter. Det vil sei at dei vekselverkar svakt, elektromagnetisk og ved gravitasjon. Det finst tre generasjonar av lepton. Til generasjon éin høyrer elektronet, generasjon to myonet og generasjon tre tau-partikkelen. Til kvar generasjon høyrer det eit nøytrino, og alle leptona, inkludert nøytrinoa, har ein eigen antipartikkel.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- lepton. (14.10.2011) I Store norske leksikon. Henta frå: http://snl.no/leptoner