Leonard Kristensen
Utsjånad
Leonard Kristensen (fødd 18. september 1857 på Nøtterøy, død 29. juni 1911) var ein norsk skipsførar og antarktispioner. Kristensen var kaptein på «Antarctic» som i 1894–95 seglte til Sørishavet på ein kvalfangstekspedisjon leia av Henrik Johan Bull. Ekspedisjonen er blitt kjend fordi ei gruppe på åtte mann, inkludert Bull og Kristensen, greidde å komme seg i land på Kapp Adare den 24. januar 1895. Dette er den første dokumenterte ilandstiginga på det antarktiske kontinentet.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Leonard Kristensen» frå Wikipedia på bokmål, den 1. november 2012.
- Wikipedia på bokmål oppgav desse kjeldene:
- Kristensen, L. (Tønsberg). «Antarctics» reise til Sydishavet, eller Nordmændenes landing paa Syd Victoria land. Eget forlag.
- Bull, H.J. (London). The cruise of the «Antarctic» to the South Polar regions. E. Arnold.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Andre norske helter i Antarktis www.norgesglemteoppdager.org