Leikong
Leikong | |||
stad | |||
Land | Noreg | ||
---|---|---|---|
Fylke | Møre og Romsdal | ||
Kommune | Herøy | ||
Folketal | 570 (2023) | ||
Postnummer | 6080 Gurskøy | ||
Innbyggjarnamn | Leikongar | ||
Preposisjon | På Leikong | ||
Ferdselsårer | 61 | ||
Leikong 62°14′49″N 5°46′54″E / 62.24694444°N 5.78166667°E | |||
Wikimedia Commons: Leikong |
Leikong er ei bygd i Herøy kommune på Sunnmøre.
Bygda ligg på den austre luten av Gurskøy med Gursken i vest og Myrvåg i nord. Landskapet her skil seg ut med mjukare liner og frodigare vokster enn den ytre luten av Herøy. Leikong var frå gamalt av regionssenter for mange kringliggjande bygder, frå den tida båten var viktigaste framkomstmiddel. Bygda kan inndelast i 3 bygdelag - Jøsok, Kleppe og Leikong.
Leikong er ein del av Leikanger sokn. Kyrkja ligg sentralt plassert og var oppsett i 1872. Bygda har og Kraftlaget Tverrkyrkjelege Fellesskap og pinsekyrkja Sion Gurskøy.
Leikanger skulekrins har barnehage og barneskule. Skulekorpset i bygda heiter Jøleik skulekorps, og koret Leikong Blandakor.
Gurskøy idrettslag er ein sentral aktør i aktivitetslivet i bygda. Istandsetjing av den gamle lysløypa på Leikongeidet har vore eit viktig prosjekt siste åra, og ho blei offisielt opna i november 2009. Løysløypa er 3 km lang og er trasséen er opplyst. Den består av to sløyfer. Tilknytt parkeringsplass er å finne på Leikongeidet.
Den nye Løkemyra skytebane og gokartbana på Leikongeidet er og viktige bidrag til aktivitetsnivået i bygdene.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Leikong si heimeside
- www.sion-gurskoy.no Arkivert 2007-09-28 ved Wayback Machine.
- heroy-kyrkje.no
- Leikanger Barnehage[daud lenkje]
- Leikanger Skule Arkivert 2015-12-04 ved Wayback Machine.
- Leikong blandakor Arkivert 2007-09-27 ved Wayback Machine.
- Løkemyra Skytebane
- Norsk Motorklubb Sunnmøre Arkivert 2014-12-18 ved Wayback Machine.Denne geografiartikkelen som har med Møre og Romsdal å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.