Hopp til innhald

Lausanne

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Lausanne
by
Lausanne domkyrkje og gamlebyen
Våpenskjold
Land  Sveits
Distrikt Lausanne
Del av Métropole lémanique
Areal 41,37 km²
Folketal 141 418 (31. desember 2022)[1]
Språk fransk
ISO 3166-2 kode CH-VD
Postnummer 1000-1018
Kart
Lausanne
46°32′00″N 6°38′00″E / 46.533333333333°N 6.6333333333333°E / 46.533333333333; 6.6333333333333
Wikimedia Commons: Lausanne

Lausanne er ein by og eit distrikt i den fransktalande delen av Sveits. Byen er hovudstad i kantonen Vaud og i distriktet. Kommunen har 127 821 innbyggjarar (2010) og eit areal på 41,37 km². Byen ligg ved nordbreidda av Genfersjøen (fransk Lac Leman). Bysentrum ligg 495 meter over havet.

Han ligg nær den franske byen Évian-les-Bains med Jurafjella i nordvest. Lausanne ligg om lag 62 km nordaust for Genève.

Utsyn mot Lausanne og Mont Tendre.

Sudan 1875 har høgsteretten i Sveits hatt sete i Lausanne.

Den internasjonale olympiske komiteen (IOK) har hovudkvarteret i Lausanne, og det olympiske museet. Den internasjonale valdgiftsretten for sport har òg sete i byen. Byen ligg sentralt i eit vinområde og er den minste byen i verda med T-bane.

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Reiseguide for Lausanne frå Wikivoyage
Commons har multimedium som gjeld: Lausanne