Laurvigen grevskap
Utsjånad
Laurvigen grevskap (Grevskapet Larvik) vart oppretta den 29. september 1671, då Brunla amt vart gjort om til grevskapet Laurvigen. Grevskapet omfatta seinare Larvik, Sandefjord og Tjøme kommunar, i tillegg til delar av Andebu kommune.
I 1821 vart grevskapet slege saman med Jarlsberg grevskap til Jarlsberg og Larvik amt.
Grevar av Laurvig
[endre | endre wikiteksten]- Ulrik Fredrik Gyldenløve (1671 - 1704). Han nytta ikkje sjølv tittelen greve
- Grev Ferdinand Anton Danneskiold-Laurvig (1704 - 1754)
- Grev Frederik Ludvig Danneskiold-Laurvig (1754 - 1762)
- Grev Christian Conrad Danneskiold-Laurvig (1762 - 1783)
- Arvetvist (1783 - 1785)
- Grev Christian Ahlefeldt-Laurvig (1785 - 1791)
- Grev Frederik Ahlefeldt-Laurvig (1791 - 1805)
- Kongen av Danmark (1805 - 1817)
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Grevskapet Laurvig opprettes Arkivert 2006-05-09 ved Wayback Machine. på http://www.larvik.kommune.no