Hopp til innhald

Lagting

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Denne sida finst òg på høgnorsk — sjå «Hn/Lagting».

Lagting (norrønt språk lǫgþing) var eit sendemannsting for eit heilt lagdøme som Gulating, Frostating, Eidsivating og Borgarting. På lagtinget møtte ulike sendemenner for klassene i samfundet;

Lagtinget hadde i utgangspunktet lovgjevande og dømande makt, men frå kong Magnus Lagabøte si tid tok kongen over mykje av denne makta. Den dømande makta vart etter kvart ført over til lagmannen.