La Chaux-de-Fonds
Utsjånad
| |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
|
La Chaux-de-Fonds er ein by i distriktet La Chaux-de-Fonds i kantonen Neuchâtel i det franskspråklege Sveits. Han ligg i Jurafjella nokre kilometer sør for grensa til Frankrike. Etter Genève og Lausanne er han den tredje største byen i den fransktalande delen av Sveits med 37 523 innbyggjarar (desember 2010).[1]
Byen, som vart grunnlagd i 1656, er særleg kjend for produksjonen av ur og klokker. Kjente klokkeprodusentar som TAG Heuer, Breitling, Invicta, Corum og Movado har tilhald i byen. Klokkemerke som Omega og Rolex har også sitt opphav i La Chaux-de-Fonds.
Kommunen er hovudstad i distriktet med same namn.
Målaren Francois Barraud og skirennaren Georges Schneider var frå La Chaux-de-Fonds.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «La Chaux-de-Fonds» frå Wikipedia på engelsk, den 31. mars 2012.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ Canton of Neuchatel Statistics, République et canton de Neuchâtel - Recensement annuel de la population (tysk)
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Offisiell nettstad
- Chaux-de-Fonds / Le Locle: biletgalleri[daud lenkje]
- La Chaux-de-Fonds på tysk, fransk og italiensk i det nettbaserte Historisches Lexikon der Schweiz/Dictionnaire historique de la Suisse/Dizionario storico della Svizzera.
- Internasjonal urmakarmuseum