Hopp til innhald

Kymmenedalen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Kymmenedalen
Kymenlaakson maakunta
landskap
Symbol
Land  Finland
Areal 4 947,65 km²
Folketal 162 840 (januar 2021)[1]
Kart
Kymmenedalen
60°30′N 27°00′E / 60.5°N 27°E / 60.5; 27
Wikimedia Commons: Kymenlaakso

Kymmenedalen (finsk Kymenlaakso; laakso tyder 'dal') er eit landskap. Administrasjonssetet i landskapet er Kotka, ved utløpet til Kymmene älv i Finskebukta. Ein av kommunane i landskapet (Pyttis) er tospråkleg, men dei svensktalende i landskapet utgjer berre 0,8 % av folkesetnaden. Kymmenedalen grensar til landskapa Nyland, Päijänne-Tavastland, Södra Savolax og Södra Karelen. Mot søraust grensar det til tidlegare finske område som var ein del av Viborgs län og som no er ein del av distriktet Vyborg rajon i det russiske Leningrad oblast.

Kommunar og regionar

[endre | endre wikiteksten]

Kymmenedalen består av sju kommunar, av dei er tre byar. I dei siste åra har det vore éi kommunesamanslåing. Den 1. januar 2009 vart kommunane Anjalankoski, Elimäki, Jaala, Kuusankoski og Valkeala slegne saman med Kouvola.

Kommunane i landskapet utgjer to økonomiske regionar. Oversynet nedanfor viser korleis kommunane fordeler seg på dei to økonomiske regionane. Byane er oppførte med feit skrift.

Kotka-Fredrikshamns økonomiske region

[endre | endre wikiteksten]

Kouvola økonomiske region

[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Commons har multimedium som gjeld: Kymmenedalen
Spire Denne geografiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.