Kviterussland i Junior Eurovision Song Contest
| |||||
---|---|---|---|---|---|
Offisielt | Belarus | ||||
|
|||||
Uttakingar | |||||
Nasjonalt | 17 | ||||
Internt | 1 | ||||
Deltaking | |||||
Debutår | 2003 | ||||
Deltakingar | 18 | ||||
Beste resultat | |||||
Finalen | 1 (2005 og 2007) | ||||
Verste resultat | |||||
Finalen | 14 (2004) | ||||
Poeng | |||||
Totalt | 1 847 |
Belarus debuterte i Junior Eurovision Song Contest i 2003 i København i Danmark, med songen «Tantsuj», framført på belarusisk av Volha Satsuik. Belarus er, saman med Nederland, dei einaste landa som har delteke i alle tevlingane i Junior Eurovision Song Contest. Bidraga vart valde gjennom ei nasjonal finale, arrangert av den belarusiske kringkastaren Belaruskaja Tele-Radio Campanija.
Belarus har, i likskap med Malta, vunne Junior Eurovision Song Contest to gongar. Fyrste gongen dei vann var i 2005, med songen «My vmeste», framført på russisk av Ksenija Sitnik. To år seinare, i 2007, vann dei med songen «S druzjami», framført på russisk av Aljaksej Zjyhalkovitsj.
Belarus har arrangert tevlinga to gongar, begge gongane i Minsk Arena i Minsk. Fyrste gongen var i 2010 og andre gongen var i 2018. Helena Meraai, som deltok i tevlinga i 2017, var ein av tre programleiarar i 2018. 20 land deltok i tevlinga, det høgste talet deltakande land i historia til tevlinga.
Bidraga i Junior Eurovision Song Contest
[endre | endre wikiteksten]År | Artist | Song | Språk | Poeng | Plass |
---|---|---|---|---|---|
2003 | Volha Satsiuk | «Tantsuj» | Belarusisk | 103 | 4 |
2004 | Jahor Voltsjak | «Spjavajtse sa mnojo» | Belarusisk | 9 | 14 |
2005 | Ksenija Sitnik | «My vmeste» | Russisk | 149 | 1 |
2006 | Andrej Kunets | «Novyj den» | Russisk | 129 | 2 |
2007 | Aljaksej Zjyhalkovitsj | «S Druzjami» | Russisk | 137 | 1 |
2008 | Dasja, Alina og Karyna | «Serdtse Belarusi» | Russisk | 86 | 6 |
2009 | Juryj Dzemidovitsj | «Volsjebnyj krolik» | Russisk | 48 | 9 |
2010 | Daniil Kazlow | «Muzyki svet» | Russisk | 85 | 5 |
2011 | Lidija Zablotskaja | «Angely Dobra» | Russisk | 99 | 3 |
2012 | Jahor Zjesjko | «A more-more» | Russisk | 56 | 9 |
2013 | Ilkja Volkaw | «Poj so mnoj» | Russisk | 108 | 3 |
2014 | Nadezjda Misjakova | «Sokal» | Belarusisk | 71 | 7 |
2015 | Ruslan Aslanaw | «Volsjebstvo» | Russisk og engelsk | 105 | 4 |
2016 | Aljaksandr Minjonak | «Muzyka moikh pobed» | Russisk | 177 | 7 |
2017 | Helena Meraai | «Ja Samaja» | Russisk | 149 | 5 |
2018 | Daniel Jastramski | «Time» | Russisk og engelsk | 114 | 11 |
2019 | Jelizaveta Misnikava | «Pepelnyj» | Russisk og engelsk | 92 | 11 |
2020 | Aryna Pekhtserava | «Prisjeltsy» | Russisk og engelsk | 130 | 5 |
Røystgjeving
[endre | endre wikiteksten]
|
|
Galleri
[endre | endre wikiteksten]Vertskap
[endre | endre wikiteksten]År | Stad | Arena | Programleiarar |
---|---|---|---|
2010 | Minsk | Minsk-Arena | Leila Ismailava og Denis Kourian |
2018 | Minsk | Minsk-Arena | Jevgenij Parlin, Zinaida Kupryjanovitsj og Helena Meraai |
Sjå òg
[endre | endre wikiteksten]Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Belarus in the Junior Eurovision Song Contest» frå Wikipedia på engelsk, den 15. september 2014.