Kvitbjørn-ulukka
Denne artikkelen kan ha godt av ein språkvask |
Opprydding: Denne artikkelen kan ha godt av ei opprydding. Sjå korleis du redigerer ei side og stilmanualen for hjelp. |
68°26′04″N 15°57′02″E / 68.43443°N 15.95060°E «Kvitbjørn»-ulukka var ei norsk flyulukke som fann stad den 28. august 1947, då sjøflyet til Det Norske Luftfartsselskap «Kvitbjørn» i tett tåke traff fjellveggen rett ovanfor Urklubben i Lødingsfjellet i Lødingen, lengst sør i Tjeldsundet. Flyet var av typen Short Sandringham (reg. LN-IAV), levert 24. april 1947 som det fyrste av ein serie på 5 tilsvarande fly til DNL.
Flybåten var, då han havarerte, på veg frå Tromsø, via Harstad, Bodø, Hommelvik (ved Trondheim) til Oslo. Alle 35 ombord omkom i dette som til då var den største flyulukka i Noreg. Ombord var det 28 passasjerar (blant dei ein amerikansk og to tsjekkiske statsborgarar), og dessutan eit mannskap på sju.
Eit augevitne fortalde til NTB at dei hadde sett flyet koma i låg høgd over Tjeldsundet der det var tåke og lite oversiktleg vêr. Plutseleg byrja maskina å svinga, samstundes som ho steig og forsvann inn i tåka som omgav den om lag 400 meter høge Kvammetind (del av Lødingsfjellet). Like etterpå høyrde ein braket då maskina traff fjellveggen i 290 m høgd. Ulukka hende klokka 09.05 .
Årsaka til ulukka klår
[endre | endre wikiteksten]Rapporten frå Havarikommisjonen vart frigjeven i 2007. Styrten i fjellveggen vert sannsynlegvis skulda feilnavigering under vanskelege vêrforhold ved at flygarane i tett tåke tok feil av to holmar nytta som navigasjonspunkt, høvesvis Strandholmen og Hjertholmen (sjå Lødingen fyr). Den siste holmen ligg i samband med tettstaden Lødingen, og var eit navigasjonsmerke for å endra kursen på ferda ut Vestfjorden. Truleg vart dei to holmane forveksla, og dette førte til ein fatal kurs.
Minnetale
[endre | endre wikiteksten]Om kvelden, same dag som ulukka skjedde, heldt biskop Berggrav ein minnetale over ulukka og dei etterlatne på NRK Radio.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Kvitbjørn-ulykken» frå Wikipedia på bokmål, den 21. september 2018.
Referansar
[endre | endre wikiteksten]
Litteratur
[endre | endre wikiteksten]- Lødingen lokalhistorielag (2007/2008) Årbok for Lødingen. Kvitbjørnulukka i 1947, ISBN 978-82-90924-11-4.
- Lødingen lokalhistorielag (2003/2004) Årbok for Lødingen. Kvitbjørnulukka 28. august 1947, ISBN 82-90924-09-7.
- Lødingen lokalhistorielag (1999/2000) Årbok for Lødingen. Kvitbjørnulukka. Katastrofen. Beretning om ein av dei omkomne. Ein frå hjelpemannskapa fortel, ISBN 82-90924-07-0.
- Lødingen lokalhistorielag (1981) Årbok for Lødingen. Kvitbjørnulukka som kravde 35 menneskeliv, ISBN 82-990715-2-6.