Kvipt
Utsjånad
Kvipt er ein fjellgard i Birtedalen i Fyresdal kommune i Telemark, som ligg om lag 600 meter over havet.[1] Dei eldste bygningane stammar truleg frå tidleg på 1600-talet,[1] men busetnaden stammar frå endå lengre attende i tid.[2] Garden har status som freda kulturminne.
Garden er gjort om til Kvipt Gjestegard, som tilbyr overnatting, festlokale, keramikkverkstad med rosemåling, gardsmuseum og servering av tradisjonell mat. Garden er tildelt Olavsrosa for opplevingstilbod av høg standard.[2]
7. desember 2003 viste NRK eit program i serien Der ingen skulle tru at nokon kunne bu frå Kvipt.
Biletgalleri
[endre | endre wikiteksten]-
Tunet
-
Beitemark
-
Låven
-
Røykstoga
-
To stabbur
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Kvipt» frå Wikipedia på bokmål, den 6. september 2013.
- Wikipedia på bokmål oppgav desse kjeldene:
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Kvipt Gjestagard - nettstaden til garden
- Olavsrosa – Kvipt
- Der ingen skulle tru at nokon kunne bu: Kvipt - 7. desember 2003