Kvefsebukk
Kvefsebukk | |
Kvefsebukk | |
Systematikk | |
Rike: | Dyr Animalia |
Rekkje: | Leddyr Arthropoda |
Underrekkje: | Seksfotingar Hexapoda |
Klasse: | Insekt Insecta |
Orden: | Biller Coleoptera |
Familie: | Trebukkar Cerambycidae |
Slekt: | Clytus |
Art: | Kvefsebukk C. arietis |
Vitskapleg namn | |
Clytus arietis |
Kvefsebukkener ei bille i trebukkfamilien. Namnet sitt har han fått fordi kroppen hans er farga med svarte og gule stripar som hjå ein stikkekvefs. Arten er relativt vanleg i Europa, Kaukasus og Litle-Asia, i Noreg i låglandet frå Vest-Agder og Østfold i sør til Sør-Trøndelag i nord.
Levesett
[endre | endre wikiteksten]Kvefsebukk brukar hovudsakleg lauvtre som vertar, men har òg unnataksvis funnest i bartrea einer og gran. Dei føretrekk nyleg daude tre, tørre greinar og liknande trevirke. Larvane gneg først mellom borken og veden, før dei gneg seg vidare inn i yteveden. Det er her dei forpuppar seg, anten om hausten eller om våren. Både larvar og puppar kan overvintra.
Generasjonstida er på minst to år. Vaksne biller kjem fram seint på våren, og er aktive frå mai til juli. Dei vitjar gjerne blomar, særleg i skjermplantefamilien.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- (no) Kvefsebukk hos Artsdatabanken
- (en) Kvefsebukk i Encyclopedia of Life
- (en) Kvefsebukk i Global Biodiversity Information Facility
- (sv) Kvefsebukk hos Dyntaxa
- (en) Kvefsebukk hos Fauna Europaea
- (en) Kvefsebukk hos NCBI
- (en) Kategori:Clytus arietis – bilete, video eller lyd på Wikimedia Commons
- (en) Clytus arietis – galleri av bilete, video eller lyd på Wikimedia Commons
- Clytus arietis – detaljert informasjon på Wikispecies