Hopp til innhald

Kumansk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Kumansk
Klassifisering: Tyrkiske språk
 Alminneleg
  Nordvesttyrkiske
   Kiptsjak–kumansk
Bruk
Utdøydd: 1770
Skriftsystem: Latinsk skrift
Språkkodar
ISO 639-3: qwm
Glottolog: none

Kumansk var eit nordvest-tyrkisk språk tala av kumanar (Polovtsy, Folban, Vallany, Kun) og kiptsjakar; det likna ulike språk i dagens kiptsjak-kumanske språkgrein. Kumansk er dokumentert i mellomalderverk, som Codex Cumanicus, og i tidlegmoderne manuskript, som notisboka til benediktinarmunken Johannes ex Grafing.[1] Språket blei eit hovudspråk (lingua franca) for Den gylne horden, og blei utbreidd som skriftspråk i Sentral- og Aust-Europa.[2]

Codex Cumanicus

Kumanarane var eit nomadisk folkeslag som budde på steppene i Aust-Europa, nord for Svartehavet, før utviklinga av Den gylne horden. Kumansk døydde ut tidleg på 1700-talet i regionen Kumania i Kongeriket Ungarn, som var det siste utbreiingsområdet det hadde. Etter tradisjonen skal den siste talaren av kumansk ha vore István Varró, ein innbyggjar i Karcag i Ungarn som døydde i 1770.

Kumansk-kiptsjakiske folk hadde ei viktig rolle i historiene til Kasakhstan, Ukraina, Russland, Georgia, Hungary, Romania (t.d. det besarabiske dynastiet), Moldavia, Bessarabia og Bulgaria.[3]

Fader vår på kumansk, frå Codex Cumanicus:

« Atamız kim köktesiñ. Alğışlı bolsun seniñ atıñ, kelsin seniñ xanlığıñ, bolsun seniñ tilemekiñ – neçik kim kökte, alay [da] yerde. Kündeki ötmegimizni bizge bugün bergil. Dağı yazuqlarımıznı bizge boşatqıl – neçik biz boşatırbız bizge yaman etkenlerge. Dağı yekniñ sınamaqına bizni quurmağıl. Basa barça yamandan bizni qutxarğıl. Amen![4] »
  1. Knauer, Georg Nicholaus (2010). «The Earliest Vocabulary of Romani Words (c. 1515) in the Collectanea of Johannes ex Grafing, a student of Johannes Reuchlin and Conrad Celtis». Romani Studies 20 (1): 1–15. doi:10.3828/rs.2010.1. 
  2. «Turkic written memorials». Old.unesco.kz. Henta 27. juli 2019. 
  3. Sun, Kevin (7. april 2019). «Sun Language Theory, Part 2: The Steppes of Tartary (Tatar, Bashkir, Kazakh, Kyrgyz)». Medium (på engelsk). Henta 17. september 2019. 
  4. Kuun; Géza; et al. (1880). «Codex cumanicus, Bibliothecae ad templum divi Marci Venetiarum primum ex integro editit prolegomenis notis et compluribus glossariis instruxit comes Géza Kuun». Budapest: XLIX. Henta August 11, 2016 – via Archive.org. 
  • Denne artikkelen bygger på «Cuman language» frå Wikipedia på engelsk, den 9. desember 2022.
  • Güner, Galip (2013), Kıpçak Türkçesi Grameri, Kesit Press, İstanbul.
  • Mustafa Argunşah, Galip Güner (2015), Codex Cumanicus, Kesit Yayınları, İstanbul.

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]