Kukës
Kukës | |||
---|---|---|---|
Det sentrale torget i Kukës | |||
| |||
Styresmakter | |||
Land Region |
Albania Kukës | ||
Geografi | |||
Flatevidd - By |
935 km² | ||
Innbyggjarar[1] - By (2011) |
47 985 | ||
Koordinatar | 42°5′0″N 20°25′0″E / 42.08333°N 20.41667°E | ||
Høgd over havet | 320 m | ||
Tidssone | CET (UTC 1) | ||
Diverse anna | |||
Heimeside: http://www.kukesi.gov.al/ | |||
Plassering | |||
Kukës kommune innafor regionen Kukës |
Kukës er ein by og ein kommune i regionen Kukës i Albania. Kommunen ligg nordaust i landet og grensar i vest til regionane Shkodër og Lezhë, i sør til Dibër og i aust til nabolanda Nord-Makedonia og Kosovo.
Kommunen vart oppretta gjennom ei admininistrasjonsreform i 2014, ved at den tidlegare bykommunen Kukës vart slått saman med landkommunane Malzi, Bicaj, Ujmisht, Tërthore, Shtiqën, Zapod, Shishtavec, Topojan, Bushtricë, Grykë-Çajë, Kalis, Surroj, Arrën og Kolsh.[2] Dei tidlegare kommunane inngår no som kommunaleiningar i den nye storkommunen. Kommunen har hovudsete i Kukës.
Ved folketeljinga i 2011 hadde den dåverande bykommunen 16 719 innbyggjarar, medan dei 15 kommunane som i dag utgjer storkommunen Kukës, til saman hadde 47 985 innbyggjarar.[1]
Tidlegare administrativ inndeling
[endre | endre wikiteksten]Fram til år 2000 var dei tidlegare by- og landkommunane ein del av distriktet Kukës.[3] Den dåverande bykommunen omfatta sjølve byen Korçë og busetnadene:[2]
- Gostil
- Drinas