Hopp til innhald

Krystallklasse

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Krystallklassar er ei inndeling av krystalla som svarar til 32 moglege punktgrupper med ulike kombinasjonar av symmetrielement, som rotasjonar eller refleksjonar

Det finst uendelege mange tredimensjonale punktgrupper, men den krystallografiske avgrensinga til endelege familiar av generelle punktgrupper fører til at det berre finst 32 krystallografiske punktgrupper eller klassar. Desse 32 punktgruppene er identiske til dei 32 typane morfologiske (ytre) krystallinske symmetriar som Johann Friedrich Christian Hessel kom fram til i 1830.