Kromatografi
Kromatografi er fleire ulike metodar innan analytisk kjemi som blir brukte til å skilja ulike kjemiske delar i gassar eller løysingar. Hovudprinsippet for kromatografi er at komponentar med ulike kjemiske og fysiske eigenskapar som molekylvekt, kokepunkt, elektrisk lading, pKa, hydrofilisitet, lipofilisitet og anna vandrar med ulik fart gjennom det kromatografiske systemet og slik at ein vil kunne påvisa dei til ulike tider på eit visst punkt (dei fleste metodane), eller på ulike punkt ved ei viss tid (tynnsjiktkromatografi, TLC).
Væskekromatografi (LC, HPLC) og gasskromatografi (GC) er dei dominerande kromatografiske metodane. I tillegg har me tynnsjiktkromatografi, Gasskromatografi vert nytta til analyse av gassar og flyktige sambindingar. Væskekromatografi, tynnsjiktkromatografi og papirkromatografi vert nytta til analyse av komponentar i løysingar.