Hopp til innhald

Krim-khanatet

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
قريم يورتى
Qırım Yurtu
Krim-khanatet
Vasall i Det osmanske riket (1478–1774)

1441–1783

Våpenet til Krim-khanatet

Våpen

Plasseringa til Krim-khanatet
Plasseringa til Krim-khanatet
Utstrekninga av Krim-khanatet kring 1600
Hovudstad Bahçeseray (Bakhtsjisaraj)
Språk krimtatarisk, osmansk-tyrkisk
Religion Islam
Styreform Monarki
Khan
 - 1449-1466 Hacı I Giray (første)
 - 1777–1783 Şahin Giray (siste)
Historie
 - Oppretta 1441
 - Annektert av Russland 1783
I dag ein del av  Ukraina
 Russland
 Moldova

Krim-khanatet var eit rike i Aust-Europa som eksisterte frå 1441 til 1783, og som omfatta det meste av Krimhalvøya, dei nærliggjande landområda nord og aust for Azovhavet, og ein landbrem nord for den vestlege delen av Svartehavet, i dagens Ukraina. Riket vart danna av krimtatarar under leiing av adelsslekta Giray. Hovudstaden i riket, Bakhtsjisaraj, vart grunnlagd i 1454 på Krim.

Utstrekninga av Krim-khanatet (gult) 1774-83
Khanpalasset i Bakhtsjisaraj

Krim-khanatet oppstod på ruinane av den mongolske riksskipnaden kalla Den gylne horden. Etter i kring 15 år med strid kunne adelsmannen Haci Giray i 1441 eller 1443 opprette eit rike med sentrum på halvøya Krim. Frå 1478 var khanen av Krim ein vasall under sultanen i Det osmanske riket, ei ordning som stod ved lag nesten heilt Krim-khanatet vart erobra tre hundreår seinare.

Gjennom 1500-talet gjekk Krim-khanatet fleire gongar til krig mot Russland i nord, i 1571 plyndra og brende Krim-hæren den russiske hovudstaden Moskva. Utover 1600-talet vart Russland stendig sterkare, og frå 1678 var Krim omringa av russisk styrkar. Byen Perekop gjekk tapt i 1697, medan hovudstaden Bakhtsjisaraj vart herja i 1736.

Det osmanske riket miste i 1774 makta over Krim-khanatet, som tre år seinare vart erobra av russiske styrkar under hærføraren Aleksandr Suvarov. I 1783 annekterte Katarina den store Krim-khanantet for Russland og erklærte det for «russisk for all framtid».