Krigsskolen
Krigsskolen | |||
Land | Noreg | ||
---|---|---|---|
Aktiv | 16. desember 1750–no | ||
Grein | Hæren | ||
Rolle | Militær høgskule | ||
Del av | Forsvarets høgskole | ||
Garnison/HK | Linderud leir | ||
Kallenamn | KS |
Krigsskolen (KS) er den militære høgskulen i Hæren som utdannar offiserar. Krigsskolen, som ligg på Linderud leir utanfor Oslo, vart etablert i 1750, og er den eldste institusjonen for høgare utdanning i Noreg.[1] For å kunna koma inn på Krigsskolen må kandidaten ha grunnleggjande befalskurs. Høgskulen tilbyr tre ulike treårige bachelorstudium:
- KS Operativ, bachelor i militære studier;
- KS Ingeniør, bachelor i ingeniørfag;
- KS Logistikk, bachelor i ressurstyring og logistikk.[2]
Utdanning
[endre | endre wikiteksten]Krigsskolen vart i 2003 delvis underlagt lov om universitet og høgskular, og fekk rett til å tildela bachelorgrader. I 2008 oppretta avdelinga eit fireårig gjennomgåande studieløp. Til dette studieløpet har kandidatar utan tidlegare militær erfaring høve til å søka seg rett inn på Krigsskolen. Det første av dei fire åra vert nytta til basisferdigheiter, infanteriteneste og militær leiing – som utgjer grunnleggjande befalskurs. Etter fullført første året av gjennomgåande Krigsskole begynner kadettane på dei forskjellige bachelorstudia på lik linje som søkarar elles. I tillegg til bachelorstudia tilbyr skulen to kvalifiseringskurs kvart år, der personell frå alle dei tre greinene i Forsvaret kan få ei kortare, intensiv utdanning.
Krigsskolen er, i tillegg til Hans Majestet Kongens Garde, kongens livavdeling. Skulesjef ved Krigsskolen er oberst Erlend Bekkestad.[3] Personellet ved Krigsskolen er dei einaste i Hæren som nyttar kepi til paradeuniformen.
Leiarar
[endre | endre wikiteksten]Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ «Krigsskolen». Store Norske Leksikon. 2011. Henta 13. oktober 2017.
- ↑ «Krigsskolens historie». Forsvaret. 2011. Henta 20. oktober 2017.
- ↑ «Ansatte - KS». Forsvaret. 2011. Henta 21. oktober 2017.
- ↑ Arne Pran er død: – Han tok ansvar etter Vassdalen-ulykken. NRK. Vitja 9. juli 2020