Kraftfôr
Utsjånad
Kraftfôr er ei konsentrert fôrblanding med dei viktigaste næringsstoffa og minerala som dyra treng, som dei ikkje får i det vanlege fôret.
Til svin og fjørfe brukar ein gjerne kraftfôr som einaste fôr, til storfe, hestar og sauer for å komplettera grovfôret (høy, silofôr med meir). Kraftfôr består av forskjellige kornslag, raps, soya med meir. Det kan også innehalda biprodukt frå næringsmiddelindustrien som melasse og myse.
Kraftfôr blir levert ferdigblanda frå fôrfabrikkar.
Landbruksdirektoratet sin statistikk for 2018 viste at 95,6 prosent av proteinet i norsk kraftfôr var importert. 26,8 prosent av karbohydratet var importert.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Kraftfôr» frå Wikipedia på bokmål, den 23. mai 2021.
Litteratur
[endre | endre wikiteksten]- Asmund Ekern (1977). Fôring av mjølkeku. Landbruksforlaget. s. 26–27. ISBN 8252903061.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Kraftfôr[daud lenkje]. Norsk Landbruksordbok.
- Kraftforstatistikk 2018 fra LandbruksdirektoratetArkivert 2020-09-21 ved Wayback Machine.