Kosovorotka
Kosovorotka (russisk косоворо́тка, av koso, 'skrå', og vorotnik, 'krage') er ei vid, sid skjorte med lange erme, låg ståkrage i halslinninga og frontopning med knappar litt til venstre og halvveges ned på brystet. Kosovorotka er del av den tradisjonelle folkedrakten for menn i Russland. Skjorta blir vanlegvis boren over buksene og har ofte eit tøybelte med frynsar knytt på den venstre sida til beraren. Finare skjorter er ofte dekorerte med broderi i form av slaviske ornament langs kantar, på erma, brystet og kragen.
Historikk
[endre | endre wikiteksten]Kosovorotka
[endre | endre wikiteksten]Kosovorotka blei tidlegare brukt både som arbeidskittel og stasskjorte, som ytterplagg på sommaren, eventuelt saman med vest, eller som inneplagg eller undertrøye, til dømes under ein fotsid kaftan eller kortare jakke. Plagget blir no berre brukt som festplagg og i oppvisingar med folkekultur og liknande.
Liknande skjorteplagg
[endre | endre wikiteksten]Tolstovka
[endre | endre wikiteksten]Kosovorotka er òg omtalt som tolstovka («Tolstoj-skorta») etter diktaren Lev Tolstoj som ofte kledde seg i tradisjonell bondedrakt med vid, sid skjorte på dei gamle dagane sine.
Rubasjka
[endre | endre wikiteksten]Tradisjonelle «russarskjorter» og tunikaforma kjolar kan òg kallast rubasjka (рубашка, «skjorte») eller rubakha på russisk. Snitt, fargar og materialar har variert. Opninga føre har ofte òg vore sentrert, ikkje berre på sida, men vanlegvis ikkje heilt ned som på jakker og «vestlege» skjorter.
Gymnasterka
[endre | endre wikiteksten]Russiske soldatar brukte gymnasterka, «russarblusar» som sommaruniform allereie før fyrste verdskrigen. Opphavleg var desse ofte kvite, men dei fekk seinare ein kamuflerande feltfarge. Troppar i Den raude armeen bar òg slike kitlar frå 1920- til 1950-talet. Plagga fekk etter kvart både praktiske brystlommer, nedfelt krage og skulderklaffar.
Sorosjka
[endre | endre wikiteksten]Ulike variantar av vide «bunadskjorter», gjerne kvite, broderte og med belte, finst i mange slaviske folkedrakter. Ein liknande kittel med broderi er til dømes den ukrainske sorosjka (i fleirtal sorosjki; Сорочка på russisk blir bruka om «underskjorte», «nattskjorte», «nattkjole» og liknande).
Sjå òg
[endre | endre wikiteksten]- Gymnasterka, russisk uniformsbluse
- Skjorte
- Trøye
- Bluse
- Kittel
- Busserull, arbeidskittel
- Kurta, laus sørasiatisk kjortel eller skjorte brukt av kvinner og menn
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Kosovorotka» frå Wikipedia på bokmål, den 29. oktober 2021.