Kopimaskin
Utsjånad
Ein kopimaskin er eit kontormaskin som lager papirkopiar av dokument, bøker og andre kjelder. Den vanlegaste forma for kopimaskin i dag bruker xerografi, ein tørr kopieringsprosess som kopierer ved hjelp av elektrisitet og varme. Mindre utbreidde kopimaskinar kan bruka blekk.
I xerografi sender ein eit kraftig lys mot det som skal kopierast som så blir reflektert frå kvite, altså blanke, område til den trykkande trommelen. Denne har frå før ei negativ elektrisk lading som blir fjerna av lyset. Deretter blir det sprøyta fargepulver over trommelen som berre blir tiltrekt av dei ladde områda. Dette blir overført frå trommel til kopipapir, som blir varma opp for at fargestoffet skal festa seg.
Sjå au
[endre | endre wikiteksten]Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- «Hvordan virker en kopimaskin?»[daud lenkje] på illustrertvitenskap.com
- Delar av denne artikkelen bygger på «Xerografi» frå Wikipedia på dansk, den 28. januar 2008.