Konstantin Novoselov
Konstantin Novoselov | |||
| |||
Fødd | 23. august 1974 (50 år) Nizjnij Tagil i Russisk SFSR i USSR | ||
---|---|---|---|
Bustad | England | ||
Statsborgarskap | Russisk Britisk | ||
Nasjonalitet | Russisk | ||
Område | fysikk, grafen | ||
Yrke | fysikar, oppfinnar, universitetslærar | ||
Institusjonar | University of Manchester Radboud Universiteit Nijmegen National University of Singapore Institute of Microelectronics Technology and High Purity Materials | ||
Alma mater | Moscow Institute of Physics and Technology University of Nijmegen | ||
Doktorgradsrettleiar | Jan Kees Maan i Andre Geim | ||
Kjend for | Studiar av grafén | ||
Medlem | Royal Society Academia Europaea National Academy of Sciences |
Konstantin «Kostja» Novoselov (russisk: Константи́н Серге́евич Новосёлов) (fødd 23. august 1974) er ein russisk–britisk fysikar ved University of Manchester. Novoselov har både russisk og britisk statsborgarskap og forskar på mesoskopiske system og nanostrukturar.
Novoselov har publisert over 60 vitskaplege artiklar i dominerande vitskaplege tidsskrifter, som mellom anna Nature, Science, Nature Materials, Nature Physics, Nature Nanotechnology, Reviews of Modern Physics og Physical Review Letters.
I 2008 mottok han Europhysics Prize «for å ha oppdaga og isolert eitt enkelt frittståande lag av karbon (grafén) og belyst dei enestående elektroniske eigenskapane til materialet».[1]
Mykje av arbeidet hans har blitt gjort saman med kollegaen Andre Geim. Dei to mottok Nobelprisen i fysikk 2010 for arbeidet sitt med grafén.
Novoselov vart i 2012 utnemnd til Knight Bachelor.[2] Han vart dermed adla og fekk rett til å føre tiltaleformen sir føre namnet sitt.
Prisar og utmerkingar
[endre | endre wikiteksten]- 2010 Nobelprisen i fysikk
- 2008 Europhysics Prize
- 2008 International Union of Pure and Applied Science, Young Scientist Prize
- 2008 University of Manchester Researcher of the Year
- 2007 Nicholas Kurti European Prize
- 2006 Royal Society Research Fellowship
Viktige publikasjonar
[endre | endre wikiteksten]- A.K. Geim, S.V. Dubonos, I.V. Grigorieva, K.S. Novoselov, F.M. Peeters & V.A. Schweigert. Non-Quantized Penetration of Magnetic Field in the Vortex State of Superconductors, Nature 406 (2000).
- K.S. Novoselov, A.K. Geim, S.V. Dubonos, E.W. Hill, I.V. Grigorieva. Subatomic Movements of a Domain Wall in the Peierls Potential, Nature 426, 812-816 (2003).
- A.K. Geim, S.V. Dubonos, I.V. Grigorieva, K.S. Novoselov, A.A. Zhukov, S.Y. Shapoval. Microfabricated Adhesive Mimicking Gecko Foot-Hair, Nature Materials 2, 461-463 (2003).
- A.K. Geim, K.S. Novoselov. The rise of graphene. Nature Materials 6, 183-191 (2007).
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Konstantin Novoselov» frå Wikipedia på bokmål, den 22. februar 2012.
- Wikipedia på bokmål oppgav desse kjeldene:
- ↑ «EPS Europhysics Prize». European Physical Society. Henta 3. oktober 2010.
- ↑ New Year Honours List 2012 Arkivert 2013-05-31 ved Wayback Machine., Directgov.