Franske monarkar
Monarkar av Frankrike er eit oversyn over franske kongar og keisarar sidan Hugo Capet.
Det oppstod eit rike styrt av éin herskar i Gallia då Vestromarriket byrja å falla saman på 400-talet. Dei saliske frankarane blei den leiande stammen i området og under dei blei Frankarriket grunnlagt. Dette blei seinare til Frankrike. Merovingarane blei den herskande ætta over alle frankarane på byrjinga av 500-talet og kom til å herska til midten av 700-talet, då den siste merovingiske kongen blei avsett av Pipin den yngre, som var far til Karl den store. Denne grunnla så den nye kongeslekta karolingarane, som i sin tur kom til å herska over Frankarriket og, etter at det blei delt gjennom traktaten i Verdun i 843, Vestfrankarriket fram til slutten av 900-talet.
I 987 blei Hugo Capet den første kapetingarkongen. Frå dette tidspunktet byrja riket meir å bli sett på som Frankrike snarare enn Det vestfrankiske riket, sidan ein starta å gå bort frå planane om å gjenforeina det med Burgund og Det austfrankiske riket. Sjølv om tittelen «konge av frankarane» offisielt fanst fram til byrjinga av 1200-talet starta han gradvis å bli mindre nytta og standardtittelen blei «konge av Frankrike». Også tittelen «konge av Frankrike og Navarra» blei brukt frå slutten av 1200-talet til byrjinga av 1300-talet og frå slutten av 1500-talet til utbrotet av den franske revolusjonen i 1789. I den korte perioden før Ludvig XVI blei avsett nytta ein tittelen «konge av franskmennene», noko som også tok til igjen etter julirevolusjonen i 1830. Både Napoléon Bonaparte og Napoleon III var keisarar og bar derfor tittelen «keisar av franskmennene».
Med den franske revolusjonen blei det franske kongedømet avskaffa og det blei innført republikk, men etter nokre år gjorde Napoleon Bonaparte seg til keisar og monarkiet blei dermed gjenoppretta på byrjinga av 1800-talet. I 1848 blei Frankrike republikk igjen, men denne ordninga blei avskaffa i 1852. Då blei Napoleon III keisar i landet. Han blei avsett i 1870 og landet blei republikk på nytt, noko det har blitt verande.
I tillegg til dei franske kongane gjorde òg dei engelske regentane krav på den franske trona. I ein kort periode hadde kravet eit visst grunnlag, sidan Karl VI gjennom traktaten i Troyes i 1420 erkjente svigersonen Henrik V av England som fransk regent og tronarvingen sin. Henrik V døydde før Karl VI og derfor etterfølgde sonen hans Henrik VI av England morfaren sin Karl VI som konge av Frankrike. Store delar av Nord-Frankrike var i hendene til engelskmennene til 1435, men i 1453 var engelskmennene blitt drivne bort frå heile Frankrike bortsett frå Calais og Kanaløyane. Dei skulle komma til å behalda Calais i endå 100 år, til 1558.
Huset Capet er navnet på kongeslekten som styrte kongedømmet Frankrike i årene 987 til 1328. Huset Capet har fått navn etter Hugo Capet, den første kongen fra denne slekten.
Namn | Levetid | Tiltredde | Fråtredde | |
---|---|---|---|---|
Hugo Capet | Ca. 938–940 996[1][2] Son av Hugo den store og Hedvig av Sachsen |
Kronet 3. juli 987 | Konge til han døydde | |
Robert II den fromme | 27. mars 972 20. juli 1031 Son av Hugo Capet og Adelheid av Aquitaine |
Faren fikk han kronet 30. desember 987, konge ved faren sin død. | Konge til han døydde | |
Henrik I | 4. mai 1008 4. august 1060 Son av Robert II og Constance av Arles |
Kronet 14. mai 1027 og ble farens medregent. Enekonge etter faren sin død. | Konge til han døydde | |
Filip I | 23. mai 1052 29. juli 1108 Son av Henrik I og Anne av Kiev |
Konge ved faren sin død i 1060 | Konge til han døydde | |
Ludvig VI | 1078 eller 1081[3][4] 1. august 1137[5]
|
Konge ved faren sin død i 1108 | Konge til han døydde | |
Ludvig VII | 1120 1180[6][7] Son av Ludvig VI og Adelaide de Maurienne |
Konge ved faren sin død i 1137 | Konge til han døydde | |
Filip II August | 21. august 1165 14. juli 1223 Son av Ludvig VII og Adèle av Champagne |
Ble konge ved faren sin død i 1180 | Konge til han døydde | |
Ludvig VIII «Løva» | 1187 1226[8][9] Son av Filip II August og Isabella av Hainaut |
Ble konge ved faren sin død i 1223 | Konge til han døydde | |
Ludvig IX Blanka av Castilla fungerte som regent 1226–1234 og 1248–1252 |
1214 eller 1215 1270[10][11] Son av Ludvig VIII og Blanka av Castilla. |
Ble konge ved faren sin død i 1226 | Konge til han døydde | |
Filip III | 30. april 1245 5. oktober 1285 Son av Ludvig IX og Margrete av Provence |
Ble konge ved faren sin død i 1270 | Konge til han døydde | |
Filip IV | 1268 29. november 1314 Son av Filip III og Isabella av Aragón |
Ble konge ved faren sin død i 1285 | Konge til han døydde | |
Ludvig X | 1289 1316[12][13] Son av Filip IV og Johanna I av Navarra |
Ble konge ved faren sin død 29. november 1314, kronet i august 1315. | Konge til han døydde | |
Johan I | 15. november 1316 20. november 1316 Son av Ludvig X og Clémence av Anjou |
Konge ved fødselen | Konge til han døydde | |
Filip V | 1292 3. januar 1322 Son av Filip IV og Johanna I av Navarra |
20. november 1316 ved Johan I sin død | Konge til han døydde | |
Karl IV | 11. desember 1294 1. februar 1328 Son av Filip IV og Johanna I av Navarra |
3. januar 1322 ved broren Filip V sin død | Konge til han døydde |
Den direkte mannlege linja av Huset Capet døydde ut i 1328 då ingen av dei tre sønnne til Filip IV klarte å produsere ein mannleg arving som kunne overta trona.
Etter at Karl IV døydde i 1328 ghekk trona videre til Huset Valois. Medlemmane av slekta var direkte etterkomarar av Karl av Valois, som var ein yngre son av Filip III.
Namn | Levetid | Tiltredde | Fråtredde | |
---|---|---|---|---|
Filip VI | 1293 22. august 1350 Son av Karl av Valois og Margrete av Anjou |
Valgt til konge 1. april 1328, kronet 29. mai same år | Konge til han døydde | |
Johan II den gode | 16. april 1319 8. april 1364 Son av Filip VI og Johanna av Burgund |
Konge ved faren sin død i 1350 | Konge til han døydde | |
Karl V den vise | 21. januar 1338 16. september 1380 Son av Johan II og Bonne av Luxemburg |
Konge ved faren sin død i 1364 | Konge til han døydde | |
Karl VI Broren Ludvig I av Anjou fungerte som regent 1380–1382 |
3. desember 1368 21. oktober 1422 Son av Karl V og Johanna av Bourbon |
Konge ved faren sin død i 1380 | Konge til han døydde | |
Karl VII | 22. februar 1403 22. juli 1461 Son av Karl VI og Isabella av Bayern |
Konge ved faren sin død i 1422 | Konge til han døydde | |
Ludvig XI | 3. juli 1423 30. august 1483[14][15] Son av Karl VII og Marie av Anjou |
Konge ved faren sin død i 1461 | Konge til han døydde | |
Karl VIII Søsteren Anne de Beaujeu fungerte som regent 1483–1484 |
30. juni 1470 7. april 1498 Son av Ludvig XI og Charlotte av Savoia |
Konge ved faren sin død i 1483 | Konge til han døydde | |
Ludvig XII | 27. juni 1462 1. januar 1515 Son av Karl av Orléans og Maria av Cleves |
Konge ved Karl VIII sin død i 1498 | Konge til han døydde | |
Frans I | 12. september 1494 31. mars 1547 Son av Karl av Angoulême og Louise av Savoia |
Konge ved Ludvig XII sin død i 1515 | Konge til han døydde | |
Henrik II | 31. mars 1519 10. juli 1559 Son av Frans I og Claude av Frankrike |
Konge ved faren sin død i 1547 | Konge til han døydde | |
Frans II | 19. januar 1544 5. desember 1560 Son av Henrik II og Katharina de' Medici |
Konge ved faren sin død i 1559 | Konge til han døydde | |
Karl IX Katharina de' Medici fungerte som regent 1560–1563 |
27. juni 1550 30. mai 1574 Son av Henrik II og Katharina de' Medici og bror av Frans II |
Konge ved broren sin død i 1560 | Konge til han døydde | |
Henrik III | 19. september 1551 2. august 1589 Son av Henrik II og Katharina de' Medici og bror av Frans II og Karl IX |
Konge ved broren Karl sin død i 1574 | Konge til han døydde |
Etter at Henrik III blei drepen i attentat og døydde utan arvingar var Henrik III av Navarra ein av dei næraste til å arva trona.
Han var blant anna etterkomar av Ludvig IX i mannleg linje, tremenning og svoger gjennom første ekteskap med Margrete av Valois av Frans II, Karl IX og Henrik III.
Namn | Levetid | Tiltredde | Fråtredde | |
---|---|---|---|---|
Henrik IV (Henrik III av Navarra) |
13. desember 1553 14. mai 1610 Son av Anton av Bourbon Johanna III av Navarra |
Konge ved Henrik III sin død | Konge til han døydde | |
Ludvig XIII Moren Maria de' Medici fungerte som regent 1610-1614 |
27. september 1601 14. mai 1643 Son av Henrik IV og Maria de' Medici |
Konge ved faren sin død i 1610 | Konge til han døydde | |
Ludvig XIV Solkongen Moren Anna av Austerrike fungerte som regent 1643-1651 |
5. september 1638 1. september 1715 Son av Ludvig XIII og Anna av Austerrike |
Konge ved faren sin død i 1643 | Konge til han døydde | |
Ludvig XV Fetteren Filip II av Orléans fungerte som regent 1715-1723 |
15. februar 1710 10. mai 1774 Son av Ludvig, hertug av Burgund og Marie-Adélaïde av Savoia |
Konge ved oldefaren Ludvig XIV sin død i 1715 | Konge til han døydde | |
Ludvig XVI | 23. august 1754 21. januar 1793 Son av Ludvig Ferdinand og Maria Josepha Carolina av Sachsen |
Konge ved bestefaren Ludvig XV sin død i 1774 | Avsett og avnretta |
Mange nekta å godkjenna at monarkiet blei oppløyst og rekna Ludvig XVI som konge fram til han døydde i 1793, og deretter sonen hans, Ludvig XVII, fram til han døydde i 1795, og så Ludvig XVIII fram til restorasjonen i 1814.
Namn | Bilde | Levetid | Tiltredde | Fråtredde |
---|---|---|---|---|
Napoléon Bonaparte Ektefellen Maria Louise fungerte tidvis som regent i 1812, 1813 og 1814 |
15. august 1769 5. mai 1821 Son av Carlo Buonaparte og Letizia Ramolino |
18. mai 1804 | 6. april 1814 1 | |
Napoleon II av Frankrike | 20. mars 1811 22. juli 1832 Son av Napoléon Bonaparte og Maria Louise av Austerrike |
6. april 1814 | 11. april 1814 |
1 I eksil i Elba 30. april 1814–1. mars 1815
Namn | Bilde | Levetid | Tiltredde | Fråtredde |
---|---|---|---|---|
Ludvig XVIII av Frankrike | 17. november 1755 16. september 1824 Son av Ludvig Ferdinand og Maria Josepha Carolina av Sachsen |
2. mai 1814 | 19. mars 1815 1 | |
Napoleon I av Frankrike (gjeninnsett) |
15. august 1769 5. mai 1821 |
20. mars 1815 | 22. juni 1815 | |
Napoleon II av Frankrike (gjeninnsett) |
20. mars 1811 22. juli 1832 |
22. juni 1815 | 7. juli 1815 | |
Ludvig XVIII av Frankrike | 17. november 1755 16. september 1824 |
8. juli 1815 | 16. september 1824 | |
Karl X av Frankrike | 9. oktober 1757 6. november 1836 Son av Ludvig Ferdinand og Maria Josepha Carolina av Sachsen |
16. september 1824 | 2. august 1830 |
1 Eksil i Gent 23. mars–8. juli 1815.
Julimonarkiet
[endre | endre wikiteksten]Frå 31. juli til 9. august 1830 var Ludvig-Filip hertug av Orléans under tittelen «general-løytnant av kongedømmet». Den 9. august 1830 etablerte han Julimonarkiet.
Namn | Bilde | Levetid | Tiltredde | Fråtredde |
---|---|---|---|---|
Ludvig Filip av Frankrike | 6. oktober 1773 26. august 1850 Son av Ludvig Filip II av Orléans og Louise Marie Adelaide av Bourbon |
9. august 1830 | 24. februar 1848 |
Namn | Bilde | Levetid | Tiltredde | Fråtredde |
---|---|---|---|---|
Napoleon III av Frankrike | 20. april 1808 9. januar 1873 Son av Louis Bonaparte og Hortense de Beauharnais |
20. desember 1848 | 2. desember 1852 |
Namn | Bilde | Levetid | Tiltredde | Fråtredde |
---|---|---|---|---|
Napoleon III av Frankrike Ektefellen Eugénie de Montijo fungerte tidvis som regent/medregent |
20. april 1808 9. januar 1873 |
2. desember 1852 | 4. september 1870 1 |
1 Fange i Preussen frå 2. september 1870
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ Hugo Capet fra SNL SNL oppgir fødselsåret til 940 og dødsår til 996
- ↑ Hugo Capet fra Nordisk Familjebok Nordisk Familjebok oppgir at Hugo Capet blei fødd rundt 938 og døydde 24. oktober 996
- ↑ Ludvig 6 den tykke fra SNL Store norske leksikon oppgir ca. 1081 som fødselsår
- ↑ Ludvig VI den tjocke fra Nordisk Familjebok Nordisk Familjebok oppgir 1078 som fødselsår
- ↑ Ludvig VI den tjocke fra Nordisk Familjebok
- ↑ Ludvig VII fra Nordisk Familjebok Nordisk Familjebok oppgir 18. september som dødsdato
- ↑ Ludvig 7. fra SNL
- ↑ Ludvig 8. fra SNL SNL oppgir hele år for fødsels-og dødstidspunkt
- ↑ Ludvig VIII fra Nordisk Familjebok Nordisk Familjebok oppgir 5. september som fødselsdato og 8. november som dødsdato
- ↑ Ludvig 9. fra SNL SNL oppgir hele år for fødsels-og dødstidspunkt; oppgir året 1214 som fødselsår
- ↑ Ludvig IX fra Nordisk Familjebok Nordisk Familjebok oppgir at Ludvig IX ble fødd 25. april 1215 i Poissy og døde 25. august 1270 i Tunis
- ↑ Ludvig 10 fra SNL SNL oppgir hele år for fødsels-og dødstidspunkt
- ↑ Ludvig X fra Nordisk Familjebok Nordisk Familjebok oppgir at Ludvig X ble fødd 4. oktober 1289 og døde 5. juni 1316
- ↑ Ludvig 11 fra SNL SNL oppgir hele år for fødsels-og dødstidspunkt
- ↑ Ludvig XI fra Nordisk Familjebok Nordisk Familjebok oppgir at Ludvig XI ble fødd 3. juli 1423 og døde 30. august 1483
- Denne artikkelen bygger på «Liste over Frankrikes monarker» frå Wikipedia på bokmål, den 17. februar 2021.