Kompresjon i fysikk
Utsjånad
Kompresjon er ei nemning for alle former for volumforminsking, men vert særleg nytta i samband med gassar. Ein skil mellom to yttergrenser, nemleg adiabatisk kompresjon, når gassen ikkje vert tilført eller tapar varme, og isotermisk kompresjon, når temperaturen vert halde konstant under prosessen. Både grensetilfella og alle kompresjonsprosessar mellom dei blir namngjeve med fellesnamnet polytropisk.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- kompresjon – fysikk. (28.02.2013) I Store norske leksikon. Henta frå: http://snl.no/kompresjon/fysikk