Komponisten John Ireland
John Ireland | |||
| |||
Fødd | 13. august 1879 | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Bowdon | ||
Død | 12. juni 1962 (82 år) | ||
Dødsstad | West Sussex | ||
Opphav | Storbritannia | ||
Instrument | orgel | ||
Verka som | komponist, musikkpedagog, filmmusikkomponist, organist | ||
Mor | Anne Ireland | ||
Far | Alexander Ireland | ||
Prisar | Walter Willson Cobbett Medal |
John Nicholson Ireland (13. august 1879–12. juni 1962)[1] var ein engelsk komponist og musikkpedagog. Størstedelen av verket hans består av pianominiatyrar og songar akkompagnert av piano. Blant dei best kjende verka hans er det korte instrumentale eller orkesterverket «The Holy Boy», over diktet «Sea-Fever» av John Masefield, ein pianokonsert, salmemelodien «Love Unknown» og koralmotetten «Greater Love Hath No Man».
Liv
[endre | endre wikiteksten]John Ireland var fødd i Bowdon nær Altrincham i Cheshire, i ein familie av engelsk og skotsk ætt og ein viss kulturell arv. Faren hans, Alexander Ireland, var ein forlegger og aviseigar som var 69 år gammal då John blei fødd. John var den yngste av dei fem borna i det andre ekteskapet til Alexander (den fyrste kona hans hadde døydd). Mor hans, Annie Elizabeth Nicholson Ireland, var ein biograf som var 30 år yngre enn Alexander. Ho døydde i oktober 1893, då John var 14 år gammal, og Alexander døydde året etter, då John var 15 år gamal.[2] John Ireland blei omtalt som «ein sjølvkritisk, introspektiv mann, forfølgd av minne om ein trist barndom.»[3]
Ireland blei elev ved Royal College of Music i 1893, og studerte piano under Frederic Cliffe[1] og orgel under Walter Parratt.[4] Frå 1897 studerte han komposisjon under Charles Villiers Stanford.[1] I 1896 blei Irland utnemnd til underorganist ved Holy Trinity-kyrkja i Sloane Street i London. Frå 1904 til 1926 var han organist og kormeister ved St Luke's Church i Chelsea.[5]
Ireland byrja å skapa seg eit namn på byrjinga av 1900-talet som komponist av songar og kammermusikk. Han fiolinsonate nr. 1 frå 1909 vann fyrsteprisen i Cobbett-konkurransen. Han fekk endå meir suksess med fiolinsonate nr 2, som han ferdigstilte i januar 1917 og sende inn til ein konkurranse organisert for å hjelpa musikarar i krigstid. Juryen inkluderte fiolinisten Albert Sammons og pianisten William Murdoch, som saman stod for uroppføringa av verket ved Aeolian Hall i New Bond Street den 6. mars det året. Verket fekk ei begeistra mottaking, og forlaget Winthrop Rogers tilbaud straks å gje det ut. Den fyrste utgåva blei seld ut allereie før ho var blitt trykka. Ei etterfølgjande framføring av fiolinsonaten av Ireland og fiolinisten Désiré Defauw gav ein fullsett sal i Wigmore Hall i London.[6]
Ireland var ofte på Kanaløyane, og blei inspirert av landskapet og stemninga der. I 1912 komponerte han pianostykket The Island Spell (det fyrste av dei tre stykka i samlinga Decorations) medan han budde på Jersey, og eit sett av tre stykke for piano: Sarnia: An Island Sequence blei skrive medan han budde på Guernsey frå 1939 til 1940. Han kom tilbake frå Guernsey til Storbritannia i 1940, like før den tyske invasjonen av Kanaløyane under andre verdskrigen.
Frå 1923 underviste han ved Royal College of Music.[7] Elevane hans der inkluderte Richard Arnell, Ernest John Moeran, Benjamin Britten,[8] Alan Bush,[9] Geoffrey Bush, som etterkvart redigerte eller arrangerte mange av verka til Ireland for publisering, Anthony Bernard og Percy Turnbull (som blei ein livslang ven).
John Ireland var einsleg det meste av livet, bortsett frå ei kort tid då han ei kort tid blei gift, separert og skild. 17. desember 1926, då han var 47 år gammal, gifta han seg med ein 17 år gamal elev, Dorothy Phillips. Ekteskapet blei oppløyst 18. september 1928.[10] Han hadde ei liknande interesse for ein annan ung student, Helen Perkin, ein pianist og komponist, som han dediserte både Pianokonsert i Ess-dur og Legend for piano og orkester (som byrja livet som ein andre konsert). Ho urframførte begge verka,[11] men forsvann ut av livet hans etter at ho gifta seg med George Mountford Adie, ein av læresveinane til George Gurdjieff, og seinare flytta til Australia.[12] Ireland trekte seinare tilbake dediseringane. I 1947 fekk Ireland ein personleg assistent og følgesvein, Mrs Norah Kirkby, som blei verande med han til hans død.[11] Trass på desse assosiasjonane med kvinner, er det klart frå private dokument at han i røynda hadde homofil legning; fleire kommentatorar støtta dette synet.[13][14]
10. september 1949 blei den 70. fødselsdagen hans feira med ein særskild prom-konsert, der pianokonserten hans blei spelt av Eileen Joyce.[15] Ho hadde òg vore den fyrste pianisten til å spela inn konserten, i 1942.
Ireland pensjonerte seg i 1953, og budde i landsbyen Rock i Sussex. der han budde i ein ombygd vindmølle, Rock Mill, resten av livet. Her møtte han den unge pianisten Alan Rowlands, som kom til å bli Ireland sitt val til å spela inn all pianomusikken hans.[16]
Ireland døydde av hjartesvikt i Rock Mill, då han var 82.[17] Han er gravlagd ved kyrkja St. Mary the Virgin i Shipley, nær heimen sin.[18][19] På gravsteinen står det «Many waters cannot quench love» og «One of God's noblest works lies here.»
Musikk
[endre | endre wikiteksten]Frå Stanford fekk Irland ein grundig kjennskap til musikk av Beethoven, Brahms og andre tyske klassiske komponistar, men som ung blei han òg sterkt påverka av Debussy og Ravel, og òg av dei tidlegare verka til Stravinskij og Bartók.[20] Frå desse innverknadskjeldene utvikla han sin eigen stil av «engelsk impresjonisme», som var nærare knytt til franske og russiske modellar enn til folkesongstilen som då prega engelsk musikk.
Som dei fleste andre impresjonistiske komponistar føretrekte Irland små format og skreiv verken symfoniar eller operaar, sjølv om hans Pianokonsert er rekna som eit av dei beste verka skrivne av ein engelsk komponist.[20] Verket hans omfattar noko kammermusikk og ei stor mengd pianoverk, inkludert det mest kjende stykket hans The Holy Boy, som finst i mange arrangement. Han skreiv songar til dikt av A. E. Housman, Thomas Hardy, Christina Rossetti, John Masefield, Rupert Brooke og andre. På grunn av jobben sin i St. Luke's Church skreiv han òg hymnar, songar og annan sakral kormusikk; blant korfolk er han truleg best kjent for hymnen «Greater love has no man», som ofte blir sunge i gudstenester til minne om krigsoffer. Melodien til hymnen «Love Unknown» blir sunge av kyrkjelydar over heile den engelsktalande verda, og det same gjeld hans Communion Service i C-dur.]
Verka hans er blitt spelte inn og framførte av Choir of Westminster Abbey, The Choir of Wells Cathedral og mange andre.
Han opptre som pianist på eit opptak på sin Fantasy-Sonata for Clarinet and Piano med Frederick Thurston,[21] Cello Sonata (1923) med cellisten Antoni Sala[a][22] og Violin Sonata No. 1 (1909) med Frederick Grinke,[23] som framførte og spelte inn fleire av kammerverka hans. Hans Piano Sonatina (1926-27) og fleire songar frå syklusen hans Songs Sacred and Profane (1929) var dediserte til venen hans Edward Clark, som var dirigent og musikkprodusent for BBC.[24][25][26]
Irland skreiv det einaste filmmusikkverket sitt til den australske filmen The Overlanders i 1946, som Charles Mackerras skreiv om til ein orkestersuite etter at han var død. Nokre av stykka hans, som den populære A Downland Suite og Themes from Julius Caesar, blei fullført eller omskrivne posthumt av eleven hans Geoffrey Bush.
Verk
[endre | endre wikiteksten]Kammerverk
[endre | endre wikiteksten]
|
|
Kyrkjemusikk
[endre | endre wikiteksten]
|
|
Filmmusikk
[endre | endre wikiteksten]- The Overlanders (1946)
Orkesterverk
[endre | endre wikiteksten]
|
|
Orgel
[endre | endre wikiteksten]
|
|
Piano
[endre | endre wikiteksten]
|
|
|
Piano og orkester
[endre | endre wikiteksten]- Legend (1933)
- Piano Concerto in E-flat major (1930)
Songar
[endre | endre wikiteksten]
|
|
Kor og orkester
[endre | endre wikiteksten]- These Things Shall Be (1937)
Andre (ikkje klassifisert)
[endre | endre wikiteksten]- Brooks Equinox
- Elegiac Meditation
- Scherzo & Cortege (1942)
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ Recorded by Columbia in 1928
- ↑ 1,0 1,1 1,2 Hugh Ottaway. " Ireland, John (Nicholson)", Grove Music Online, Oxford Music Online, Oxford University Press, retrieved 6 June 2014 (krev abonnement)
- ↑ Stewart R. Craggs, John Ireland. Ashgate Publishing (2007).
- ↑ John Ireland: Biography from. Answers.com. Retrieved 27 August 2011.
- ↑ Le Prevost, Stephen. "The Organ Music" in Foreman (2011): p. 4
- ↑ Scott-Sutherland, Colin. "John Ireland: A Life in Music" in Foreman (2011): p. 4
- ↑ Phillips, Bruce. "John Ireland's Chamber Music" in Foreman (2011): p. 227
- ↑ Scott-Sutherland, Colin. "John Ireland: A Life in Music" in Foreman (2011): p. 5
- ↑ Paul Kildea, Benjamin Britten: A Life in the Twentieth Century, p. 63
- ↑ Scott-Sutherland, Colin. "John Ireland: A Life in Music" in Foreman (2011): p. 5
- ↑ Stewart R. Craggs, John Ireland. Ashgate Publishing (2007).
- ↑ 11,0 11,1 Stewart R. Craggs, John Ireland. Ashgate Publishing (2007).
- ↑ Richards, Fiona. 'Helen Perkin: Pianist, Composer and Muse of John Ireland' (Chapter 11 of Foreman, Lewis (ed.), The John Ireland Companion (2011)
- ↑ George E. Haggerty (2000) "Ireland, John", Gay Histories and Cultures: An Encyclopedia, Vol. 2, p, 477, Garland Publishing Inc., New York ISBN 978-0-81531-880-4
- ↑ Hyperion, The Songs of John Ireland. Hyperion-records.co.uk. Retrieved 27 August 2011.
- ↑ Alan Bush Music Trust: The Correspondence of Alan Bush and John Ireland. Alanbushtrust.org.uk. Retrieved 27 August 2011.
- ↑ The John Ireland Companion. Boydell Pr. 2011. ISBN 978-1-84383-686-5.
- ↑ Randel, Don Michael (1996). The Harvard Biographical Dictionary of Music. Harvard University Press. s. 407. ISBN 978-0-674-37299-3.
- ↑ Lewis Foreman (2011). The John Ireland Companion. Boydell & Brewer. ISBN 9781843836865. Henta 31 January 2016.
- ↑ «Shipley Church Photos, West Sussex». Gravelroots.net. Henta 31 January 2016.
- ↑ 20,0 20,1 «Biography – John Ireland Trust» (på engelsk). Henta 21. juni 2024.
- ↑ CD: Symposium 1259, "probably recorded in 1948", http://www.arkivmusic.com/classical/Name/John-Ireland/Performer/5769-2.
- ↑ Foreman, Lewis, red. (2011). The John Ireland Companion. Boydell & Brewer Ltd. s. 317. ISBN 978-1-84383-686-5.
- ↑ ASIN: B00002MXU8
- ↑ Lewis Foreman, The John Ireland Companion
- ↑ IMSLP
- ↑ Stewart R Craggs, John Ireland: A Catalogue, Discography and Bibliography
- ↑ [[scores:{{{id}}}|Berceuse (Ireland, John)]]: Fritt tilgjengelege notar på International Music Score Library Project.
- ↑ [[scores:{{{id}}}|Phantasie (Ireland, John)]]: Fritt tilgjengelege notar på International Music Score Library Project.
- ↑ [[scores:{{{id}}}|Cello Sonata (Ireland, John)]]: Fritt tilgjengelege notar på International Music Score Library Project.
- ↑ [[scores:{{{id}}}|Violin Sonata No.1 in D minor (Ireland, John)]]: Fritt tilgjengelege notar på International Music Score Library Project.
- ↑ [[scores:{{{id}}}|Violin Sonata No.2 in A minor (Ireland, John)]]: Fritt tilgjengelege notar på International Music Score Library Project.
- ↑ [[scores:{{{id}}}|Benedictus in C major (Ireland, John)]]: Fritt tilgjengelege notar på International Music Score Library Project. [sic]
- ↑ [[scores:{{{id}}}|Greater Love Hath No Man (Ireland, John)]]: Fritt tilgjengelege notar på International Music Score Library Project.
- ↑ [[scores:{{{id}}}|Jubilate Deo in C major (Ireland, John)]]: Fritt tilgjengelege notar på International Music Score Library Project. [sic]
- ↑ [[scores:{{{id}}}|Magnificat and Nunc Dimittis in C major (Ireland, John)]]: Fritt tilgjengelege notar på International Music Score Library Project.
- ↑ [[scores:{{{id}}}|Magnificat and Nunc Dimittis in F major (Ireland, John)]]: Fritt tilgjengelege notar på International Music Score Library Project.
- ↑ [[scores:{{{id}}}|Te Deum Laudamus in F major (Ireland, John)]]: Fritt tilgjengelege notar på International Music Score Library Project.
- ↑ [[scores:{{{id}}}|Capriccio (Ireland, John)]]: Fritt tilgjengelege notar på International Music Score Library Project.
- ↑ [[scores:{{{id}}}|Elegiac Romance (Ireland, John)]]: Fritt tilgjengelege notar på International Music Score Library Project.
- ↑ [[scores:{{{id}}}|Miniature Suite (Ireland, John)]]: Fritt tilgjengelege notar på International Music Score Library Project.
- ↑ Lisa Hardy, The British Piano Sonata 1870–1945
- ↑ [[scores:{{{id}}}|Piano Sonata (Ireland, John)]]: Fritt tilgjengelege notar på International Music Score Library Project.
- ↑ [[scores:{{{id}}}|3 Dances (Ireland, John)]]: Fritt tilgjengelege notar på International Music Score Library Project.
- ↑ «Alpine song». The LiederNet Archive. Henta 30 April 2015.
- ↑ [[scores:{{{id}}}|Earth's Call (Ireland, John)]]: Fritt tilgjengelege notar på International Music Score Library Project.
- ↑ [[scores:{{{id}}}|Full Fathom Five (Ireland, John)]]: Fritt tilgjengelege notar på International Music Score Library Project.
- ↑ [[scores:{{{id}}}|Hawthorne Time (Ireland, John)]]: Fritt tilgjengelege notar på International Music Score Library Project.
- ↑ [[scores:{{{id}}}|The Heart's Desire (Ireland, John)]]: Fritt tilgjengelege notar på International Music Score Library Project.
- ↑ [[scores:{{{id}}}|Hope the Hornblower (Ireland, John)]]: Fritt tilgjengelege notar på International Music Score Library Project.
- ↑ [[scores:{{{id}}}|I Have 12 Oxen (Ireland, John)]]: Fritt tilgjengelege notar på International Music Score Library Project.
- ↑ [[scores:{{{id}}}|If There were Dreams to Sell (Ireland, John)]]: Fritt tilgjengelege notar på International Music Score Library Project.
- ↑ [[scores:{{{id}}}|Love is a Sickness Full of Woes (Ireland, John)]]: Fritt tilgjengelege notar på International Music Score Library Project.
- ↑ [[scores:{{{id}}}|The Sacred Flame (Ireland, John)]]: Fritt tilgjengelege notar på International Music Score Library Project.
- ↑ [[scores:{{{id}}}|Sea Fever (Ireland, John)]]: Fritt tilgjengelege notar på International Music Score Library Project.
- ↑ [[scores:{{{id}}}|Spring Sorrow (Ireland, John)]]: Fritt tilgjengelege notar på International Music Score Library Project.
- ↑ [[scores:{{{id}}}|There is a Garden in Her Face (Ireland, John)]]: Fritt tilgjengelege notar på International Music Score Library Project.
- Denne artikkelen bygger på «John Ireland (composer)» frå Wikipedia på engelsk, den 26. november 2024.
Bibliografi
[endre | endre wikiteksten]- Foreman, Lewis (ed). The John Ireland Companion. Woodbridge: The Boydell Press, 2011. ISBN 978-1-84383-686-5ISBN 978-1-84383-686-5
- Longmire, John. John Ireland: Portrait of a Friend. Baker, 1969.
- Richards, Fiona. The Music of John Ireland. Ashgate, 2000 (reissued Routledge, 2018).
- Scott-Sutherland, Colin. John Ireland. Rickmansworth: Triad Press, 1980. ISBN 978-0-90207-025-7ISBN 978-0-90207-025-7
- Muriel V. Searle. John Ireland: The Man and His Music. Midas Books, 1979.