Kokosmakron
Utsjånad
Kokosmakron er ei småkake laga av egg, sukker, kveitemjøl og kokosmasse.
I Noreg blir ho tradisjonelt bakt til jul, og kan vera eit av dei sju slaga. Ein kokosmakron skal helst vera sprø på utsida og seig inni.[1]
Andre land
[endre | endre wikiteksten]Makroner er kjende sidan 1500-talet, og stammar truleg frå Italia.[2] I Tyskland er kaka også typisk julebakst. Kokosmakronen er også vanleg i Sverige, der han blir kalla kokostopp, Frankrike, der dei blir kalla congolais eller rocher coco, Australia, USA og Nederland. I Australia tek dei ofte ei lita mengd bringebærsyltetøy i midten av makronen før steiking.
Variantar
[endre | endre wikiteksten]Ein variant av kokosmakron er kokoskrans, ei småkake forma som ein runding eller krans.
Ein kan også ha sjokoladeglasur på toppen av kokosmakronen.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ «Kokosmakroner, oppskrift». nrk.no. Henta 17. desember 2012.
- ↑ «The History Of Macaroons». thenibble.com. Henta 17. desember 2012.
- Denne artikkelen bygger på «Kokosmakroner» frå Wikipedia på bokmål, den 4. desember 2019.