Hopp til innhald

Klippfisk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Klippfisk.

Klippfisk eller kleppfisk er fisk, vanlegvis av torskefamilien, som er salta og deretter flattørka. Klippfisktørking vart oppfunnen av spanske fiskarar ved Newfoundland som trong ein god konserveringsmetode for å kunna frakte med seg fisk attende til marknaden i Spania. Metoden kom til Noreg mot slutten av 1600-talet med Jappe Ippes.

Klippfisken som heraldisk motiv finst i kommunevåpenet for tidlegare Tustna kommune. Etter samanslåinga av Tustna og Aure til éin kommune den 1. januar 2006 inneheld nye kommunevåpenet òg ein klippfisk.

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]