Kjell Ingolf Ropstad
Kjell Ingolf Ropstad | |||
| |||
Fødd | 1. juni 1985 (39 år) Arendal | ||
---|---|---|---|
Statsborgar av | Noreg | ||
Parti | Kristeleg Folkeparti | ||
Yrke | politikar | ||
Utdanna ved | Hornnes vidaregåande skule Drottningborg videregående skole | ||
Far | Bjørn Alfred Ropstad | ||
Verv | Barne- og familieminister 2019–2021 | ||
Føregangar | Linda Hofstad Helleland | ||
Verv | leiar i KrF 2019–2021 | ||
Føregangar | Knut Arild Hareide | ||
Verv | Stortingsrepresentant 2009– i dag | ||
Verv | 2. nestleiar i KrF 2017–2019 | ||
Verv | KrFU-leiar 2007–2010 | ||
Føregangar | Inger Lise Hansen | ||
Etterfylgjar | Elisabeth Løland | ||
Alle verv |
|
Kjell Ingolf Ropstad (fødd 1. juni 1985) er ein norsk politikar for Kristeleg Folkeparti. Han har vore leiar for KrF, og barne- og familieminister i regjeringa Solberg frå 22. januar 2019 til 20. september 2021.[1]
Bakgrunn
[endre | endre wikiteksten]Ropstad er opphavleg frå Evje og Hornnes kommune i Aust-Agder, men er busett i Oslo. Han er utdanna bachelor i jus og økonomi, vart 2. nestleiar i KrF i 2017,[2] og partileiar frå 2019 til 2021.
Politisk karriere
[endre | endre wikiteksten]Ropstad var leiar av Kristeleg Folkepartis Ungdom i perioden mellom 2007 og 2010. I 2009 vart han vald inn som stortingsrepresentant for Aust-Agder. Frå 2013 til 2017 var han andre nestleiar i Justiskomiteen. Frå 2017 til 2019 var han finanspolitisk talsmann for KrF.
Ropstad var den yngste KrF-medlemen som har møtt på Stortinget nokon gong.[3] Det gjorde han som vararepresentant for Åse Gunhild Woie Duesund i 2006, som 20-åring. Han sat også på fylkestinget i Aust-Agder og i kommunestyret i Evje og Hornnes kommune.
Hausten 2018 var Ropstad pådrivar for at partiet skulle satse på eit regjeringssamarbeid med Høgre, Framstegspartiet og Venstre. Etter at det var fleirtal for å gå inn i regjering på det ekstraordinære landsmøtet til partiet i november 2018, leidde Ropstad forhandlingane som førte til at Kristeleg Folkeparti gjekk inn i Solberg-regjeringa i januar 2019.
Partileiar
[endre | endre wikiteksten]Den 27. april 2019 vart Ropstad vald inn som partileiar for KrF etter at Knut Arild Hareide gjekk av, da det vart eit faktum at partiet ville gå inn i Solberg-regjeringa med Framstegspartiet.[4] I 2021 måtte Ropstad gå av som partileiar etter pendlarbustad-saka, der det vart kjent at han hadde budd i Oslo utan å skatta for dette av di han var folkeregistrert som busett hjå foreldra sine i Agder.[5][6]
Statsråd
[endre | endre wikiteksten]Frå 2019 til 2021 var Kjell Ingolf Ropstad statsråd i Barne- og likestillingsdepartementet, seinare Barne- og familiedepartementet. Han tok over ansvaret for tru- og livssynsaker frå Kulturdepartementet, medan ansvar for likestillings- og diskrimineringsspørsmål var ført over til det same departementet.[7]
Stortingskomitear
[endre | endre wikiteksten]- 2013–2017: medlem i justiskomiteen
- 2012–2013: medlem i energi- og miljøkomiteen
- 2009–2012: medlem i arbeids- og sosialkomiteen
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ «Endringar i regjeringa». Regjeringa.no. 22. januar 2019. Henta 27. januar 2019.
- ↑ «Hareide, Bollestad og Ropstad valgt». Kristelig Folkeparti (på norsk bokmål). Henta 30. april 2017.
- ↑ «Kjell Ingolf Ropstad». Allkunne. 23. januar 2019. Henta 27. januar 2019.
- ↑ Jørgen Gilbrant. «Kjell Ingolf Ropstad ny KrF-leder» (på norsk bokmål). Dagbladet. Henta 22. april 2023.
- ↑ Marthe Knutsen; Hallvard Norum & Kirsti Haga Honningsøy. «Ropstad går av» (på norsk bokmål). NRK. Henta 22. april 2023.
- ↑ Eirin Tjoflot & Lena Jarstad. «Dette er pendlarbustad-sakene: Kjell Ingolf Ropstad (KrF)». NRK. Henta 22. april 2023.
- ↑ «Kjell Ingolf Ropstad». Store norske leksikon. 23. januar 2019. Henta 27. januar 2019.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Einskildmenn
- Fødde i 1985
- Stortingsrepresentantar for Aust-Agder
- Stortingsrepresentantar frå KrF
- Stortingsrepresentantar 2009-2013
- Stortingsrepresentantar 2013-2017
- Stortingsrepresentantar 2017-2021
- Stortingsrepresentantar 2021-2025
- Vararepresentantar til Stortinget
- Lokalpolitikarar i Evje og Hornnes
- KrF-politikarar i Aust-Agder
- Folk frå Evje og Hornnes
- Statsrådar i Regjeringa Solberg
- KrF-statsrådar
- Leiarar for Kristeleg Folkeparti
- Leiarar i KrFU