Hopp til innhald

Kiste

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Kiste av eik frå fyrste halvdel av 1700-talet frå Tjølling i Vestfold, no på Norsk Folkemuseum (NF.1987-1243). Lengda er 140 centimeter.
Foto: Anne-Lise Reinsfelt
.

Kiste er ein avlang boks med hengsla lokk og ofte med lås, laga i ulike storleiker for både lagring og transport av klede eller anna. Kistene er mellom dei eldste typane av møblar som er kjende i Europa. Fint dekorerte kister var vanleg inventar på gardane til lagring av stasklede og anna i tidlegare tider, og det var vanleg at sjøfolk hadde eignelutane sine i kister, sjømannskister.

Dragkiste frå Gausdal i Oppland, måla av Peder Aadnes på 1760-1790-talet (Norsk Folkemuseum, NF.1896-0632).
Foto: Anne-Lise Reinsfelt
.

Dragkiste er ei kiste med fleire skuffar i høgda i staden for eit stort rom, som i dei tradisjonelle kistene, og liknar såleis meir på ein kommode.

Likkiste med ein avliden i ein kristen gravferdsseremoni.

Likkister er kister av tre som vert nytta til å leggje avlidne menneske i før jordfestinga eller kremasjonen.

Fransk brudekiste frå 1621.

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Commons har multimedium som gjeld: Kiste
Spire Denne kulturartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.