Kiryat Gat
Kiryat Gat | |||
קִרְיַת גַּת, Qiryat Gat | |||
by | |||
|
|||
Land | Israel | ||
---|---|---|---|
Distrikt | Det sørlege distriktet | ||
Koordinatar | 31°36′22″N 34°46′18″E / 31.60611°N 34.77167°E | ||
Areal | 17,102 km² | ||
Folketal | 48 275 (2012)[1] | ||
Folketettleik | 2 823 / km² | ||
Grunnlagd | 1955 | ||
Borgarmeister | Aviram Dahari | ||
Kiryat Gat 31°36′22″N 34°46′18″E / 31.606111111111°N 34.771666666667°E | |||
Kart som viser Kiryat Gat.
| |||
Wikimedia Commons: Kiryat Gat | |||
Nettstad: www.qiryat-gat.muni.il |
Kiryat Gat (hebraisk skrift קִרְיַת גַּת) er ein by i Det sørlege distriktet i Israel. Han ligg 56 km sør for Tel Aviv, 43 km nord for Beersheba og 68 km frå Jerusalem. Mot slutten av 2012 hadde byen 48 275 innbyggjarar.[1]
Etymologi
[endre | endre wikiteksten]Kiryat Gat er kalla opp etter Gath, ein av dei fem store byane til filistrane. På hebraisk tyder gat «vinpresse». I 1950-åra fann arkeologar ruinane på ei høgd i nærleiken, som vart feilaktig rekna som den filistinske byen Gath. I seinare år har kome med fleire forslag til kvar plasseringa av den gamle byen var. Somme trur han kan ha lege 13 km nordaust ved Tel es-Safi, men det mest aksepterte synet i dag er at den bibelske Gath låg der Ramla no ligg, basert på jødiske segner frå mellomalderen skrive ned av Ishtori Haparchi.[2] Gath var heimbyen til den bibelske kjempa Goliat.[3]
Historie
[endre | endre wikiteksten]Kiryat Gat vart grunnlagd i 1955 som ein utviklingsby av 18 familiar frå Marokko.[4] Han ligg på landområde som tidlegare høyrte til landsbyen Iraq al-Manshiyya, som vart avfolka i 1948.[5] Folketalet steig frå 4 400 innbyggjarar i 1958 til 17 000 i 1969, hovudsakleg jødiske immigrantar frå Nord-Afrika. Økonomien var først basert på handsaming av jordbruksprodukt frå Lachish-området, som bomull og ull. I desember 1972 fekk Kiryat Gat bystatus.[6]
I 1990-åra kom det ein masseimmigrasjon av sovjetiske jødar til Israel, og folketalet i byen auka til 42 500 i 1995.[7] Utviklinga av Rabin industriområde aust i byen og opninga av hovudveg 6, har gjort godt for økonomien i byen.
Venskapsbyar
[endre | endre wikiteksten]Kiryat Gat er venskapsby med:
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Kiryat Gat» frå Wikipedia på engelsk, den 6. september 2015.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- Khalidi, Walid (1992). All That Remains. Washington D.C.: Institute for Palestine Studies. ISBN 0-88728-224-5.
- ↑ 1,0 1,1 «Locality File» (XLS). Israelsk statistisk sentralbyrå. 2012. Henta 12. april 2015.
- ↑ Ishtori Haparchi, Kaphtor u'ferach, vol. II, chapter 11, s.v. ויבנה בארץ פלשתים, (3rd edition) Jerusalem 2007, s. 78 (hebraisk); Carta's Official Guide to Israel, Jerusalem 1983, s.v. Ramla; Encyclopaedia of Eretz Yisrael, s.v. גת (hebraisk); Michael Avi-Yonah, The Madaba mosaikk Map, Jerusalem 1954, s. 63
- ↑ Vilnay, Zev (1970). The Guide to Israel. Jerusalem i Israel: Hamakor Press. s. 250.
- ↑ «Partnership 2000, Kiryat Gat». Jewish United Fund. Henta 6. september 2015.
- ↑ Khalidi (1992), s. 108
- ↑ Ed. Cecil Roth (red.). «Kiryat Gat». Encyclopaedia Judaica (CD-ROM Edition Version 1.0). Keter Publishing House. ISBN ISBN 965-07-0665-8 Check
|isbn=
value: invalid character (hjelp). - ↑ «Kiryat Gat- Municipality Profile» (PDF). Israelsk statistisk sentralbyrå. 2005. Henta 4. oktober 2014. (he)
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Offisiell nettstad (he)